Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 81 til 90 av 190 sitater

Korleis kan Satan driva ut Satan? Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan det riket ikkje bli ståande, og kjem eit hus i strid med seg sjølv, kan det huset ikkje bli ståande.

[Mark 3, 23-25]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ingen syr ein lapp av ukrympa tøy på eit gammalt klesplagg. For då riv den nye bota med seg eit stykke av det gamle plagget, og rifta blir verre. Og ingen fyller ny vin i gamle skinnsekker. For då sprengjer vinen sekkene, vinen renn ut, og sekkene blir øydelagde. Nei, ny vin i nye skinnsekker!

[Mark 2,21-22]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har vondt.

[Mark 2,17]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.

Joh 12,24

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Før hanen gjel, skal du fornekta meg tre gonger.

Matt 26,75

Godt sagt! (2) Varsle Svar

For alle som grip til sverd, skal falla for sverd.

Matt 26,52

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ånda er villig, men kjøtet er veikt.

Matt 26,41

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Her skal ikkje liggja att stein på stein

Matt 24,2

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjev tiend av mynte og anis og karve, men bryr dykk ikkje om det som veg meir i lova: rettferd, miskunn og truskap. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort. Blinde rettleiarar! De siler av myggen, men svelgjer kamelen.

Matt 23,23

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De gjer skåler og fat reine utanpå, men inni er dei fulle av grisk og grådig lyst. Blinde farisearar! Gjer først skåla rein inni, så blir ho rein utanpå òg!
Ve dykk, skriftlærde og farisearar, de hyklarar! De liknar kvitkalka graver. Utanpå er dei fine å sjå på, men inni er dei fulle av daudingbein og allslags ureinskap. Slik er det med dykk òg: Utanpå, i andres auge, ser de rettferdige ut, men inni er de fulle av hykleri og urett.

Matt 23, 25-28

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Hilde Merete GjessingVibekeTheaTherese HolmHarald KKirsten LundmarithcIreneleserkntschjrldmay britt FagertveitMathiasLene AndresenMorten MüllerReidun SvensliMarenJarmo LarsenGrete AastorpLinda RastenAnniken RøilritaolineAnne-Stine Ruud HusevågEirin EftevandEgil StangelandTatiana WesserlingTherese LierIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenGroCathrine PedersenBenedikteRufsetufsaIngeborg GNinaStig TVannflaskeTonjeIvar SandLiv-Torill AustgulenAlice NordliTonesen81