Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 71 til 80 av 190 sitater

Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.

[Mark 10,25]

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gå bort og sel alt du eig, og gjev det til dei fattige; då skal du få ein skatt i himmelen.

[Mark 10,21]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den som ikkje er imot oss, er med oss.

[Mark 9,40]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: 'Vil nokon følgja etter meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og følgja meg. [...] Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Og kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? [...].'

[Mark 8, 34-37]

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Nei, det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint.

[Mark 7,15]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

I den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen.

[Mark 6,48 - det er her tittelen til Falkbergets store roman om Benjamin Sigismund er henta frå]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin, hos slektningane sine og i sitt eige hus.

[Mark 6,4]

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når dei kjem inn med ei oljelampe, set dei henne då under eit kar eller under senga? For ingenting er løynt utan at det skal bli synleg, og ingenting er gøymt utan at det skal koma for dagen.

[Mark 4,21-22]

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein såmann gjekk ut for å så. Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det skaut opp straks fordi det var så grunt. Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det, så det ikkje gav grøde. Men noko fall i god jord. Det skaut opp, voks og gav grøde: tretti, seksti, ja, hundre gonger det som var sådd.

[Mark 4,3-8]

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Du kjære! Eg ynskjer at du i alle ting må ha det godt og vera ved god helse, liksom di sjel har det godt.(3.Johannesbrev, vers 2)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

VibekeTheaTherese HolmHarald KKirsten LundmarithcIreneleserkntschjrldmay britt FagertveitMathiasLene AndresenMorten MüllerReidun SvensliMarenJarmo LarsenGrete AastorpLinda RastenAnniken RøilritaolineAnne-Stine Ruud HusevågEirin EftevandEgil StangelandTatiana WesserlingTherese LierIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenGroCathrine PedersenBenedikteRufsetufsaIngeborg GNinaStig TVannflaskeTonjeIvar SandLiv-Torill AustgulenAlice NordliTonesen81Eva