Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 16 sitater

Sjøen smilte under sola tak og anna; så gråna han til att. Så bevra lyse i småbåra all veg utetter. I dag som ein anna dag ja.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

(..) sjæla kan få to slag sott, liksom kroppen. Svartsykja er svart, men æressykja er svartare.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Nei sjå kor dei har døydd her òg, døydd og døydd. Ein heil tusterskog med gravkors og merke. Å ja, menneske, du døyr da flittig nok, men korleis har du levd?

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Dagane kom og gjekk, over Stavsund som over bygda elles. Somme av dem var gråe kvardagar, der var ikkje himmel over dem, syntes ein, berre regnvèret eller skodda, ja og ikkje bles det og ikkje let det vera heller. Det var no dei dagane. Andre av dem kom i sol og gjekk i sol, og om det så var Håkon så måtte han sjå dem: Stavsund låg der, så gild ein gar du berre vilde sjå, og bygda i kring lyste det og skjein på, haugar og moar og gar for gar; lande kunde opne seg med ei uventa vidd framfor han, verda er ikkje nokon dårlig ting, og det er ikkje livet heller.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sia såg han den dagen for seg rett som det var: Slik var den ting, og slik var det. Det var ein av grådagane om sommaren, skyer over all himmelen, men lyst like vel, lyse stod ned gjenom skygluggane over lande og fjorden, stod der til glede for ein grov og vèrsliten ein.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det var no òg så makelaust til kveld: ein kom beint utor langvarige regnvèret og mørkre, utor trevekes trollvèr og ut i dette lyse, ein kunde bli ståande og seie sommarkveld med seg sjøl. Ein kunde plystre. Just dette var det som mana otten fram. Vère kan bli så vakkert at ein ottast for storm. Tale, mor hans, hadde gått og sagt med styggvère stod på: - Takk gu' for det her vère, de. Utan slikt fanns her ikkje godvèr. Evig godvèr er en umulig ting, pla ho seie, har de levd i evig lykke nokon gong?

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Han sa det ein gong, at det er mannen som skal styre øksa, og ikkje øksa mannen, eg har aldri glømt dei orda. Ein uvettig ein kunde ha spurt kven det er som skal styre mannen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Ragnhild er det ikkje farlig for, ho har eit lykkelig syn på live. Det bergar ho seg med om så ulykka et henne levande opp.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Som ein reier senga si, så drøymer ein, heiter det visst. Nei, men utan draumar er vi ingen ting; av voner og draum er live vevd. Bakom vona er andre voner, elles kunde ho ikkje vera til.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har gjort rett, og enda var det synd. (...) - Det vonde drep du ikkje med øks, sa det. - Eg gir ein god dag i det vonde, eg vil berge det som må bergast.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilElisabeth SveeKirsten LundIngunnJTom-Erik FallaalpakkaTorill Revheimingar hAnne Berit GrønbechToveLabbelineDemeterBjørn SturødHallgrim BarlaupsveinKristine LouiseBente NogvaBokToreBookiacPirelliJørgen NTor-Arne JensenAud- HelenElin Katrine NilssenCamillaSynnøve H HoelFindusLena Risvik PaulsenMorten MüllerBeathe SolbergTone SundlandmarithcAstrid SæverhagenGunillaMarianneLisbeth Kingsrud KvistenMathiasLailaAnniken LStig T