Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 11 av 11 sitater

Han greip fiolinen og la han vart i fanget sitt, sette han under haka og tok bogen og filte, eg visste ikkje kva det var han spelte, melodien var langsam og mørk, tonane glei så fint over i kvarandre, var så milde mot kvarandre, og ingen av dei var aleine, eg høyrde ord endå bestefar spelte utan å synge, kanskje var det ord han hadde sagt ein gong, eller som eg hadde høyrt, eg høyrde og lukta så mykje dei andre sa ikkje stemde, men det stemde for meg. Orda sa eg måtte ikkje ta mitt eige liv eller andre sitt så alvorleg, måtte ikkje kjenne på alt, legge verk til sides, ta meg fram dit alt det andre var. Bestefar spelte fram luktene av systrer, av ei mor som var ung, eg som var så liten at eg ikkje kunne gå skikkeleg, eg vart mindre og låg i valkana til mor og smilte mot henne, drog henne i håret mens det var kveld, og såg månen mellom hårstråa, eg vart så liten at eg glei inn mellom beina hennar, inn i ein mjukleik og ein varme eg aldri hadde kjent sidan, ei stille med lydar av vatn, eg flaut i dette vatnet, snurra meg omkring, vart mindre og mindre og mista hendene og føtene og auga og øyra og vart ein liten klump som duppa i litt vatn, vart noko endå mindre som rann ut av mor, eg var på vei inn i far, i den lange staken hans, bestefar spelte meg mindre og mindre, eg kom til ein stad der det var ein jamn varme, eg kvilte og eg var trygg, far bar meg i den store pungen sin, og bestefar spelte skyene og høgdedraget og fjellet med sine tindar og vindar, spelte auga mine opp, spelte hendene mine på hans føter. Han la bogen og fiolinen ned i fanget sitt, der hovudet mitt låg og grein.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg Marit TinholtJarmo LarsenChristoffer SmedaasEllen E. MartolMonica CarlsenBjørg L.Tove Obrestad WøiengretemorCarine OlsrødAud- HelenPiippokattaGrete AastorpAnne-Stine Ruud HusevågKristine LouiseBerit B LieOlemgeWencheDressmyshelfRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageMartinMorten BolstadJan-Olav Selfors