Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 11 til 20 av 21 sitater

Forskingsprosjektet omfatta tabloidavisene engelske Sun, tyske Bild Zeitung, danske BT, og norske VG. For alle dei fire undersøkte organa, var konklusjonen eintydig og den same. Dei gjenspegla eit psykotisk verdsbilde. I ei samrøystes fråsegn slo både dei psykiatrisk og dei psykogisk sakkunnige fast at ut frå streng fagleg vurdering burde dei ansvarlege bak desse avisforsidene straks tvangsinnleggjast for observasjon og adekvat terapi. Dersom forsidene spegla verdsbildet til dei ansvarlege redaktørane, var det ingen tvil om at det dreia seg om mentalt forstyrra, og dermed utilreknelege personer.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nynorsk er så pent i dikt, og bokmål er så pent i prosa? Dette var, eller skulle vera, prosa. Sanneleg om eg veit skilnaden.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Norske kvinner har ein ide om at ein klem er ei mild gåve dei deler ut som påskjønning til særleg verdig trengande. I meir urbane kulturar er det som kjent den vanlege måten å møtast på. Å klemma kvarandre kan vera det mest nøytrale og kjønnslause ein kan føreta seg. Ein kjem så tett at det blir upersonleg, så nær at ein ser forbi kvarandre. Til all lukke klemde vi ikkje kvarandre, handhelste ikkje eingong.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Kunne noko virka meir tilforlateleg enn ein oppvekst på Dokka? Eller heitte det i Dokka? Eg visste ikkje eingong kva for ein preposisjon som var den rette.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Barndomsheimen er eit sår, som alltid står ope, meiner eg ein dansk poet har sagt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Skal ein kjenna sine foreldre? Nei, eg trur ikkje det. Nei, ein kjenner ikkje sine foreldre, og eg trur ikkje ein skal læra dei å kjenna. Ikkje alt for godt. Du har dei, eller du har dei ikkje, på godt og vondt. Og det er best slik, også på vondt.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

To ting var det maktpåliggande at tilhøyrarane fekk vita. For det første ville dei aldri bli takka for sin historiske innsats. For det andre måtte det seiast at berre dei sterkaste og reinaste var i stand til å drepa kvinner og barn, utan å ta skade på si sjel. Berre dei sterkaste, og reinaste, i ånd og gjerning ville vera i stand å gå gjennom livet med slike gjerningar på samvitet. Dei sterkaste og reinaste, og mest intelligente. Dei beste, med andre ord. Slik var det.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Den 5. april 1974 frikjende "Kieler Schwurgericht" den kjende motelegen dr. August Glahn for drapet på til saman 6652 sinnslidande pasientar. Påstanden frå påtalemakta var at desse såkalla miskunnsdrapa hadde funne stad på eit asyl nær Hannover seinsommaren 1943. Som mange andre tyske legar, og psykiatrar ikkje minst, hadde dr. Glahn også før den tid lagt ned eit stort og ueigennyttig arbeid innanfor det statlege euthanasiprogrammet. Vidare hevda forsvaret at det i dag var bortimot uråd å førestilla seg den menneskelege påkjenninga og dei psykiske langtidsskadane ved å stå medisinsk ansvarleg for eit slikt program. (...) I retten hevda dr. Damaskus (min komm.: forsvararen) at sidan dr. Glahn hadde vore sitat "overtydd og oppglødd nasjonalsosialist", var tiltalte av den grunn og i straffelovens forstand utilrekneleg og ute av stand til å forstå det rettsstridige i å utøva miskunnsdrap, eller drap på det den politiske leiinga i staten såg på som mindreverdige element.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ich betrachte das Nachleben des Nationalsozialismus in der Demokratie als potentiell bedrohlicher denn das Nachleben faschistischer Tendenzen gegen die Demokratie.

(Theodor W. Adorno: Was bedeutet: Aufarbeitung der Vergangenheit, foredrag 1959 gjengitt i Grense Jakobselv)

"På norsk skulle det bli noko i retning av at eg ser på etterverknadene av nazismen i demokratiet som potensielt farlegare enn etterverknadene av fascistiske tendensar mot demokratiet."

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg meiner, snøen dett faen meg ikkje ferdigmåka ned frå himmelen, sjølv om du trur på Gud og alt. Det er det eg meiner, at du må ta eit tak med skyffelen sjølv.

Godt sagt! (13) Varsle Svar

Sist sett

RandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnneWangMarianne MHarald KBjørg Marit TinholtJarmo LarsenChristoffer SmedaasEllen E. MartolMonica CarlsenBjørg L.Tove Obrestad WøiengretemorCarine OlsrødAud- HelenPiippokattaGrete AastorpAnne-Stine Ruud HusevågKristine LouiseBerit B LieOlemgeWencheDressmyshelfRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinBeathe SolbergBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigAvaAnne Berit GrønbechMarianne  Skage