Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 31 til 36 av 36 sitater

Dei rette orda satt for seg sjølve på ein stemningsfull kafé, skåla og drakk og hadde det strålande med kvarandre. Ingen tenkte på at eg kunne trenge dei for å berge meg.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det var ein fyr som hadde sagt til meg: Kvifor begynner du ikkje på universitetet? Der kan du gå i år etter år og likevel ikkje bli til noko når du er ferdig.

Det var det som gjorde utslaget for meg. Eg måtte finne noko å gjere, det var greitt, men bli til noko ville eg ikkje. Eg var ein type full av sjølvrespekt.

Godt sagt! (21) Varsle Svar

Koffor er det slik at vi som kjem frå slike fitteplassar i Bygde-Norge har slik ein jævlig trong i oss til å skyte folk?

Godt sagt! (4) Varsle Svar
  • Har du høyrt det siste om bestefar min? sa Munk.
  • Nei, sa eg.
  • Han har skrive brev til kongen og anbefalt seg sjølv til kongens fortenstmedalje i gull.
  • Han har sikkert fortent det, sa eg.
  • Men då skulle han kanskje ikkje ha skjelt ut kongen alt i første linje og kalt han for Sprit- Ola.
  • Mhm, sa eg.
Godt sagt! (5) Varsle Svar

..han kunne også tømme ei flaske vanleg rødvin på under eit halvt minutt utan at det viste på han, han kunne elske kvinner som ingen annan, psykoanalysere dei verste og mest forkvakla og morsbundne tilfelle på under halvtimen,spele rytmegitar og piano, og synge heile repertoaret til Beatles utanboks. Denne mannen heitte Munk. Munk var hans namn.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Nokre fuglar av ubestemmeleg slag flaug forbi. Det var ikkje noko spesiellt med dei. Det var slike fuglar ein gløymer i same augneblink ein har sett dei. Skal ein seinare prøve å beskrive dei, vil ein berre kunne seie at dei hadde venger, og håpe at i alle fall det ville stemme slik nokonlunde.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

TheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemine