Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 13 sitater

Å - EIN BARNESOMMOR

Å - ein barnesommor
ein kveld eg sovna
med mold på hond og fot
der i den varme reini under konnet
som sto i nysprett aks og svævde
svævde meg -
Då var Gud.

For då eg vakna
Han strauk meg over hovudet
og rørde ved mi panne -

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Men den rosa
i si stund i romet og urørleg
einast seg
i det ho skaper - meir enn seg
i si stund.
At det hjarta rår sin nykyl.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

. . .der flodar, flodar,
ømme, bittre tåreflodar
voggar smertens muslingsperlur
over evighetens strendar. . .

som eit lån av lykke fær eg
halda fast dei dyre smykke
i eit stutt. . .so stutt sekund. . .

då med usannsynleg sanning
dei min lekam gjenomstrålar,
muldrar meg til bitte fjom,
spreier meg og let meg dala
ned i jordis liljekalk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

BLÅ KVELD

Med' skogen tek
dei mange ord
og svæver dei i blund

ein drope dogg
ber jordis saft
til nattfiolens munn

Ei hond av nott
eit hjartas bod
legg meg i jordis fang

Å Fader vår
du som er jord,
lær meg din viljes gang!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Å du einslege strandnellikk
som sender din djupe rosa smil
mot dei solvarme kiselsteinan,
du fortel meg meir om det
enn allverdis djupe tankar
og dei lærdes ihopfløkte ord.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sjå bylgjetoppan!
Sjå dei kvite segl i himilsyni!
Attanfor dei er mine draumar.
Ein dag kjem dei att til meg
som bylgja der ute ein gong når strondi.
Og sjå, dei er kostelege som nye ting
og dyrebare som sæle minne.
Slå stillt, mitt hjarta!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Og ein vårdag
tok moldi imot det.
Det blanke gylne konnet
seig djupar og ende ned,
steig høgar og rakt upp.
Og med det saug til seg saftin
som gjordest kring roti,
sjuga vinden i brodden
- den soli drog til seg,
til 'n tøygde seg og festna seg
til lette gule halmpipur
som rette nye konn
i dei singlande aksi
i mange fleire fald imot himil'n.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Veit du at kåveramsperlun
dirrar på stylken sin?
Det er når linerlun
andar i blomen inn.

Veit du at strengjin
som gjeng millom deg og meg
er lettare enn vengjin
på fivreld i honningveg?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

LJOS NOTT

Ventande på morgonroden
sender havet sine bodir i land

løynleg leikar bylja med strandsteinen
lukkar han inne i kyss etter kyss
for at han kanskje om ein tusun år
skal ha fenge rita inn ein hieroglyf
om so mange dei ljose nettar -

Godt sagt! (4) Varsle Svar

NOTTEVAK

I den tredje timen
dødens - min døds
før morgon - etter nott
når kulden er strengast
- og dødens land -
ditt fyrste kjærteikn bar meg over grensa
ditt siste ber meg til dei turre strå -

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Kristine LouiseBerit B LieOlemgePiippokattaWencheAnne-Stine Ruud HusevågDressmyshelfEllen E. MartolRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigTove Obrestad WøienAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageGrete AastorpMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiIngeborg GLeseaaseTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundStig T