Dikt i samling

av (forfatter) og Leif Mæhle (medforfatter).

Samlaget 1989 Innbundet

3 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 1989

Format Innbundet

ISBN13 9788252134070

EAN 9788252134070

Språk Nynorsk

Sider 344

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

LJOS NOTT

Ventande på morgonroden
sender havet sine bodir i land

løynleg leikar bylja med strandsteinen
lukkar han inne i kyss etter kyss
for at han kanskje om ein tusun år
skal ha fenge rita inn ein hieroglyf
om so mange dei ljose nettar -

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sjå bylgjetoppan!
Sjå dei kvite segl i himilsyni!
Attanfor dei er mine draumar.
Ein dag kjem dei att til meg
som bylgja der ute ein gong når strondi.
Og sjå, dei er kostelege som nye ting
og dyrebare som sæle minne.
Slå stillt, mitt hjarta!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Veit du at kåveramsperlun
dirrar på stylken sin?
Det er når linerlun
andar i blomen inn.

Veit du at strengjin
som gjeng millom deg og meg
er lettare enn vengjin
på fivreld i honningveg?

Godt sagt! (4) Varsle Svar

NOTTEVAK

I den tredje timen
dødens - min døds
før morgon - etter nott
når kulden er strengast
- og dødens land -
ditt fyrste kjærteikn bar meg over grensa
ditt siste ber meg til dei turre strå -

Godt sagt! (4) Varsle Svar

BLÅ KVELD

Med' skogen tek
dei mange ord
og svæver dei i blund

ein drope dogg
ber jordis saft
til nattfiolens munn

Ei hond av nott
eit hjartas bod
legg meg i jordis fang

Å Fader vår
du som er jord,
lær meg din viljes gang!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket