Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Med utgjevinga av Tre florentinarar viser Arnfinn Haram si eineståande evne som essayist og kultur-, litteratur- og samfunnskritikar. Forfattaren står i ein katolsk danningstradisjon som formidlar djupe og frigjerande perspektiv i ei smittande glede over det gode, det vakre og det sanne i livet . alt det som røpar Guds løyndomsfulle nærvere i verda. Her finst det tekster om markante personlegdomar, viktige samfunnsspørsmål og vandringar i eksistensielle og litterære landskap. Den skarpe fjørpennen i munkehanda har kontakt med livgjevande kjelder. Hans formidlingsevne og sterke ambisjonar for den gode saka gjer at han påkallar merksemd i svært ulike fora, både i og utanfor trusrelaterte samanhengar. Det vere seg lesarar i Klassekampen eller Morgenbladet, unge radikale, protestantiske og katolske kristne eller modne, for ikkje å seie dekadente tilhøyrarskarar . alle blir «lutter øre» når frater Arnfinn preikar, ein munk frå mellomalderen (som han éin gong kalla seg) . og er villige til å sitje ei stund slik ein gjer i danningstradisjonen, lyttande til den vise. Det er ingen dum idé i vår tid: Les, bli stimulert, gå vidare og bli sjølv vis. Han er en usedvanlig skarp observatør og analytiker, og kan være herlig nådeløs når han gyver løs på vår tids primitive materialisme, skriv Jon Michelet i forordet.
Forlag Efrem forlag
Utgivelsesår 2009
Format Innbundet
ISBN13 9788292922132
EAN 9788292922132
Språk Nynorsk
Sider 302
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!