Dagbok 1924-1994. Bd. 1-5

av (forfatter).

Samlaget 2000 Pakker

Gjennomsnittlig terningkast: 5.75 (4 terningkast.)

29 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp bøker hos haugenbok.no Kjøp boka hos Bookis! Kjøp boka hos ark.no

Selg boken hos

Selg boka hos Bookis!

Ingvild Eides eksemplar av Dagbok 1924-1994. Bd. 1-5

Lesetilstand

Ønsker meg denne.

Hylle

vil ha i bokhylla

Lesedato

Ingen lesedato

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Ingen terningkast

Min omtale

Ingen omtale


Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

I 84 hefte, frå mars 1924 då han var 15 1/2 år til mai 1994 førte Olav H. Hauge dagbok. Han skreiv om litteratur, men refleksjonane om poesi spesielt og dikting og diktarar generelt, er iblanda små og store hendingar frå kvardags- og arbeidsliv, tankar om folk i Ulvik, Hardanger og dei han elles møter kring i landet, om vêret, landskapet, språket, reiser i inn- og utland, politiske hendingar på riks- og lokalplan. Namneregisteret står i band 5.

Bokdetaljer

Forlag Samlaget

Utgivelsesår 2000

Format Pakker

ISBN13 9788252155181

EAN 9788252155181

Serie Hauge, O. H. Dagbok 1924-1994. Bindene selges ikke enkeltvis

Språk Nynorsk

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

3 1 0 0 0 0

Bokomtaler

Her kjem det til å stå "leser" heilt til min døyan da tenker eg... så innhaldsrikt og underfundig!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Alle må ha stimulans her i verdi. Alle må ha sine svæveråder. Grovarbeidaren grip til flaska, kvinnfolk til religion og nokre fåe livsudugande drøymarar til poesi og filosofi.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

NÅR EIN FYK FOR HØGT

Når ein fyk for høgt - og det hendar ein gjer det - skal ein setje til livs kjøt og heimabrugga og so leggja seg til å sova. Når du so vaknar, tenkjer eg du er komen til jordi att.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (7) Varsle Svar

SNORRE I mine gutedagar fekk me lov å lesa kva me vilde; me fekk låna i folkeboksamlingi, og elles kunde det slengja bøker på gardane. Skitne og slitne var dei etter lesnad og utlån. Det var aldri nokon som gjætte på kva me las eller ikkje las. No skal ikkje ungar få koma i folkeboksamlingen, skulen har sitt eige bibliotek no. Det vert sjølvsagt etter som lærarane er. I folkeboksamlingane finst ikkje ei barnebok no lenger, endå mange vaksne kan ha hug å lesa barnebøker av og til. Eg meiner det elles er uråd å skilja imillom bøker for dei ulike aldrar. Sume er vaksne i barnealderen, og sume vert born i eldre alder, sume er born heile livet.

I fjor, det var endå tett fyre jol, kom ein gut or Stetti burt til meg. Eg hadde no snakka med han fyrr, og han hadde vore inn til meg. Han hadde lese ut den boki han hadde fenge lånt i skulen, og no spurde han um eg hadde noko. Ja, so fann eg Tom Sawyer til han. Og eit par bøker av Kåre Gullveng. Eg hadde gøymt dei bøkene frå eg var gutunge. Ei vike etter kom han att. Då fekk han med seg ei bok um Stanley, og ymist slikt. Eg såg han gjorde store augo då han fekk auga på Snorre. Til slutt hadde eg ikkje fleire bøker som eg tenkte kunde fanga hugen til slik ein 12-åring, for eg har ikkje nett mykje forteljingar. Men kunde han ikkje få låne Snorre? Den fær du sikkert låna i skulen, sa eg. Nei, han fekk ikkje det. Har dei ikkje Snorre der då? Spurde eg. Jau, lærerinna las høgt av henne stundom, men dei fekk ikkje låna henne. So fekk han med seg Snorre. Uppi vegen såg eg han stansa, pakke ut boki og tok til å sjå i henne. Stod lenge , nett som ein pinn. Nei so gjekk han nokre meter att. Stans på nytt. Stod som han var støyrd. Augo nagla i boki.

Han hadde henne 2-3 månader, men for fint med henne. Han kjem sikkert ikkje til å gløyma at han fekk lesa Snorre, kanskje han likevel kan tevla med speidarbøker og Disney.

Olav H. Hauge.

Band 1

Godt sagt! (5) Varsle Svar

DEI GAMLE DIKTARANE er nokon slue revar, dei var i slekt med kvinnfolki fyrr, dei visste det er ikkje klokt å visa alt med ein gong. Det kan nok løna seg so med det same, um dei har noko å visa fram, men i lengdi er det det dummaste dei kan gjera. Diktarane fyrr gav seg god tid, skreiv um både smått og stort, fyrr dei meir umveges eller liksom tilfellig kom med skattane sine, det fine poetiske biletet, den nye tanken. Dei okra med sitt pund. For dei visste at trass alt er perlor og dyre steinar ei sjeldsynt vare, som det gjeng lange tider for menneskeætti å produsera, og som difor ikkje skal sløsast med, men gjevast ei kostelieg innråming, og ikkje takast fram anna ved sjeldne høve. Dette visste dei gamle.

Dei unge skrik ut med sitt, kastar det i augo på folk, og det segjer seg sjølv at dei kjem i knipe med å skaffa nytt. Lenge hjelper dei seg med å plundra gamle gravstøder og heilage bøker og for ålmenta kan det sjå ut som eigen avl, at dei saug det or eigne tenner, for diktarane røvar utan å segja kvar dei har det frå, det er ganak vane; i grunnen tarv dei berre øva upp kjennarmina og form-evnam skapa treng dei ikkje.

Olav H. Hauge 1958

Godt sagt! (4) Varsle Svar

ØYDING AV TID OG PENGAR.

I dag var eg nedyver, og eg kjypte Dagbladet. Det er 50 øredet no. Og eg vil påstå eg vart ikkje korkje vitugare eller meir upplyst av det. Kjøper du deg Odyssevs-kvadet, so kostar det 12 kr. Og du har lesnad eit halvt år. Attåt kan du røkta ditt vanlege arbeid. Og eg er viss du vil segja det var ei rik tid. Dagbladet kostar 60 kr. for eit halvt år; skal du kjøpa det i bokhandel munaleg meir. Kva har du att? Jag, uro, og mykje dumme meiningar av folk som i grunnen er åndeleg umyndige.

band 1

Olav H. Hauge

Godt sagt! (4) Varsle Svar

STAKKARS MANN

I ei avis såg eg dagsplanen til den amerikanske presidenten no. Mykje å gjera, og fastlagd til siste minutt. Greidt nok. Til slutt gjekk den store mannen til sengs med ein Wild West-roman. So langt er verdi komi at pøbelen har fenge sitt idol på førarplassen. Til sengs med ein Wild West-roman! Det var noko å enda dagen med! Det stod han byrja dagen med å eta, ikkje med å be, ikkje bad han til kvelds heller, ikkje ei stund til ettertanke. Det er ikkje løge verdi er som ho er, når me har slike førarar-

Olav H. Hauge 1958

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ordi Ein skal ha stor vyrdnad for vanleg språkbruk. Dei segjer um ein som ikkje er heilt rett, at det er noko som klikkar hjå han. - Sjølv har eg ofte kjent, når eg vert trøytt, at det klikkar liksom i hove, små knepp. Kanskje signal frå nervane at du får slå av.

Første bind.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eigne vegar. Diktarar og filosofar vert aldri trøytte av å segja du skal gå dine eigne vegar. Det er lett nok for ein frifant som hev fjellviddi fyre seg å gå side eigne vegar, det er verre for eit bygdamenneske. Der er vegane lagde og sette, og vil du ikkje terga bonden upp, lyt du fint gå der du skal.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

BØKER Eg likar ikkje kjøpe bøkar som eg ikkje les. Bokhylla vert ikkje mi lenger då, framande makter har teke plass de som eg ikkje kjenner.

Fyrste band.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

UM Å LESA ALT. Du tarv ikkje lesa alt av ein diktar for å få ei meining um han, eit dikt, eit lite stykke, ei forteljing, ei bok er nok. Ein tarv ikkje sjå heile treet for å vita kva det er for noko, ei flik av ei blokke er nok.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Du vil kanskje også like

  • "Under Hauges ord - essays, samtaler, brev, dikt, fotos" av Jan Erik Vold
  • "Entusiastiske essays - klippbok 1960-1975" av Jan Erik Vold
  • "Mitt liv var draum - ein biografi om Olav H. Hauge" av Knut Olav Åmås
  • "Dikt i umsetjing" av Olav H. Hauge
  • "Jon Fosse - poet på Guds jord" av Cecilie N. Seiness
  • "Brev 1970 - 1975" av Olav H. Hauge
  • "Indiskresjoner og andre essay" av Virginia Woolf
  • "Mørkets sangerske - en bok om Gunvor Hofmo" av Jan Erik Vold
  • "Dag Solstad - uskrevne memoarer" av Alf van der Hagen
  • "Dagbok - (epitafer)" av Tomas Espedal
  • "Samtidsruinar" av Marit Eikemo
  • "Kunsten å komme heim og andre essay" av Ragnar Hovland
Alle bokanbefalinger for dette verket