Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 14 sitater

NOKRE TANKAR

Verdsbilete er greidt nok, so langt me ser og forstår. Og det "lilla synspunkten" ser ut til å rekka langt, og kan tyde mykje. Forstanden har utvida sitt umkverve, og er med rette stolt; lenger tenkjest han å nå, og kvifor ikkje? Men fantasien har utvida si verd munaleg, ja det er spursmål um ikkje me nyss har slege hol på skalet so me kan ta til å stikka hovudet og sjå oss i kring. (Dette er elles noko kvar einskild må gjera kvar for seg.) Alt er relativt, og me kan segja me er komne like langt; det spørst um ikkje det er det fine med det.

Kva er so universet? Ja, det er ikkje godt å segja. Det er ein ovstor levande organisme (ja, han kan vera liten med) eller det er eit to, ein stein, ein skitklump under treskoen på eit trodl til ein rise, eller ein drope vin i ein skål, alt kan me vera, ja, eit atom i eit stoff, i eit makrostoff, på same viset som universet kan opna seg innover i atomet; Gud finst ikkje innover, ikkje utover, ikkje i det store, ikkje i det små, gud kan vera i den vesle verdi likso vel som i den store, um det då finst noko slikt vesen.

Olav H. Hauge 1954

Band ein

Godt sagt! (2) Varsle Svar

SNORRE I mine gutedagar fekk me lov å lesa kva me vilde; me fekk låna i folkeboksamlingi, og elles kunde det slengja bøker på gardane. Skitne og slitne var dei etter lesnad og utlån. Det var aldri nokon som gjætte på kva me las eller ikkje las. No skal ikkje ungar få koma i folkeboksamlingen, skulen har sitt eige bibliotek no. Det vert sjølvsagt etter som lærarane er. I folkeboksamlingane finst ikkje ei barnebok no lenger, endå mange vaksne kan ha hug å lesa barnebøker av og til. Eg meiner det elles er uråd å skilja imillom bøker for dei ulike aldrar. Sume er vaksne i barnealderen, og sume vert born i eldre alder, sume er born heile livet.

I fjor, det var endå tett fyre jol, kom ein gut or Stetti burt til meg. Eg hadde no snakka med han fyrr, og han hadde vore inn til meg. Han hadde lese ut den boki han hadde fenge lånt i skulen, og no spurde han um eg hadde noko. Ja, so fann eg Tom Sawyer til han. Og eit par bøker av Kåre Gullveng. Eg hadde gøymt dei bøkene frå eg var gutunge. Ei vike etter kom han att. Då fekk han med seg ei bok um Stanley, og ymist slikt. Eg såg han gjorde store augo då han fekk auga på Snorre. Til slutt hadde eg ikkje fleire bøker som eg tenkte kunde fanga hugen til slik ein 12-åring, for eg har ikkje nett mykje forteljingar. Men kunde han ikkje få låne Snorre? Den fær du sikkert låna i skulen, sa eg. Nei, han fekk ikkje det. Har dei ikkje Snorre der då? Spurde eg. Jau, lærerinna las høgt av henne stundom, men dei fekk ikkje låna henne. So fekk han med seg Snorre. Uppi vegen såg eg han stansa, pakke ut boki og tok til å sjå i henne. Stod lenge , nett som ein pinn. Nei so gjekk han nokre meter att. Stans på nytt. Stod som han var støyrd. Augo nagla i boki.

Han hadde henne 2-3 månader, men for fint med henne. Han kjem sikkert ikkje til å gløyma at han fekk lesa Snorre, kanskje han likevel kan tevla med speidarbøker og Disney.

Olav H. Hauge.

Band 1

Godt sagt! (5) Varsle Svar

ØYDING AV TID OG PENGAR.

I dag var eg nedyver, og eg kjypte Dagbladet. Det er 50 øredet no. Og eg vil påstå eg vart ikkje korkje vitugare eller meir upplyst av det. Kjøper du deg Odyssevs-kvadet, so kostar det 12 kr. Og du har lesnad eit halvt år. Attåt kan du røkta ditt vanlege arbeid. Og eg er viss du vil segja det var ei rik tid. Dagbladet kostar 60 kr. for eit halvt år; skal du kjøpa det i bokhandel munaleg meir. Kva har du att? Jag, uro, og mykje dumme meiningar av folk som i grunnen er åndeleg umyndige.

band 1

Olav H. Hauge

Godt sagt! (4) Varsle Svar

OG DØDEN SKAL IKKJE VERA MEIR

Eg har aldri skrive - heller ikkje i dagboki - um røynslor frå den tidi eg var på Nevengarden og Valen, det kan vel vera 5 år samanlagt. Her skal eg berre nemna at i alle dei åri, kor tilstanden og stemningane elles kunde brigda, eitt var sikkert: Døden var ikkje til. Alt hadde vore til, og skulde vera til. Umskifte veksing og minking, var ein naturleg ting, men døden, slik me til kvardags forstår han, var ikkje til. Snerta tanken meg, og eg hugsar det; for eg hugsar eg kunde minnast kva eg før tenkte, var det med stor sorg og gjorde usegeleg vondt, hugsar eg. Det var det merkelege at når den tidi eg hadde levt igjennom, frå barndommen og uppyver, arbeid, ungdomsliv og slikt, stundom minna seg, so gjorde det alltid vondt; det var ei låg og syrgjeleg tid, ein stusseleg tilstand som eg var flytt ifra, upp i ein høgare heim.

Eg skal prøva å hugsa ymist av det eg røynde i dei åri, men for det fyrste har eg ikkje havt mod til det, ikkje fordi det på nokon måte gjer meg vondt å minnast dei åri, det er umsnutt det, men fordi ein ikkje gjerne fortel um det dyraste ein har upplevt.

Band 1

Olav H. Hauge

Godt sagt! (1) Varsle Svar

MITT FYRSTE DIKT. DEt var ein sundag. Eg kunde vel vera ein 12 år gamal. Det var tett fyre jol. Eg hugsar det snjoa. Folki mine var til kyrkje. Stoval var fjelgi til helgi, og det brann i omnen. Det var so hyggjeleg inne, det tykte eg. Eg kom nett inn frå kjøken, det var kaldare der. Då eg kom inn, hugsar eg det fauk ein fugl imot ruta, og pikka på henne. Han kom or snjofjoket, og vilde gjerne inn - i alle fall tykte eg det. Då laga eg mitt fyrste dikt - um fuglen som kom og pikka på ruta og vilde inn.

Lenge var dette det beste diktet mitt, og eg hugsar enno kor sæl eg var då eg fekk det til. Rima hadde eg ikkje lært då, det lærde eg fyrst seinare, og ikkje visste eg noko um rytme og meter heller, men eg lika no ein gong vers, eg tykte det var ein merkjeleg klang og musikk i dei.

Fyrste band.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (2) Varsle Svar

DEI GAMLE DIKTARANE er nokon slue revar, dei var i slekt med kvinnfolki fyrr, dei visste det er ikkje klokt å visa alt med ein gong. Det kan nok løna seg so med det same, um dei har noko å visa fram, men i lengdi er det det dummaste dei kan gjera. Diktarane fyrr gav seg god tid, skreiv um både smått og stort, fyrr dei meir umveges eller liksom tilfellig kom med skattane sine, det fine poetiske biletet, den nye tanken. Dei okra med sitt pund. For dei visste at trass alt er perlor og dyre steinar ei sjeldsynt vare, som det gjeng lange tider for menneskeætti å produsera, og som difor ikkje skal sløsast med, men gjevast ei kostelieg innråming, og ikkje takast fram anna ved sjeldne høve. Dette visste dei gamle.

Dei unge skrik ut med sitt, kastar det i augo på folk, og det segjer seg sjølv at dei kjem i knipe med å skaffa nytt. Lenge hjelper dei seg med å plundra gamle gravstøder og heilage bøker og for ålmenta kan det sjå ut som eigen avl, at dei saug det or eigne tenner, for diktarane røvar utan å segja kvar dei har det frå, det er ganak vane; i grunnen tarv dei berre øva upp kjennarmina og form-evnam skapa treng dei ikkje.

Olav H. Hauge 1958

Godt sagt! (4) Varsle Svar

STAKKARS MANN

I ei avis såg eg dagsplanen til den amerikanske presidenten no. Mykje å gjera, og fastlagd til siste minutt. Greidt nok. Til slutt gjekk den store mannen til sengs med ein Wild West-roman. So langt er verdi komi at pøbelen har fenge sitt idol på førarplassen. Til sengs med ein Wild West-roman! Det var noko å enda dagen med! Det stod han byrja dagen med å eta, ikkje med å be, ikkje bad han til kvelds heller, ikkje ei stund til ettertanke. Det er ikkje løge verdi er som ho er, når me har slike førarar-

Olav H. Hauge 1958

Godt sagt! (3) Varsle Svar

NÅR EIN FYK FOR HØGT

Når ein fyk for høgt - og det hendar ein gjer det - skal ein setje til livs kjøt og heimabrugga og so leggja seg til å sova. Når du so vaknar, tenkjer eg du er komen til jordi att.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (7) Varsle Svar

NOKRE ORD UM KUNST Skal kunstnaren letta folks skyn, eller skal han motarbeida eit rasjonellt skyn av røyndi? Skal han byggja upp med rasjonelle midlar eller skal han dekomponera røyndi. Tilskodaren lyt i allefall prøva å få noko ut av det.

Ein skal ikkje leita etter driv fjøritil kunstnaren. Ei tomatplante lagar fruktene sine av myk og drit. Stor kunst kan veksa og suga næring av merkelege ting, hat, ovund og æregir.

Olav H. Hauge

Godt sagt! (1) Varsle Svar

UM Å LESA ALT. Du tarv ikkje lesa alt av ein diktar for å få ei meining um han, eit dikt, eit lite stykke, ei forteljing, ei bok er nok. Ein tarv ikkje sjå heile treet for å vita kva det er for noko, ei flik av ei blokke er nok.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

gretemorAnn ChristinVibekeAnneWangKirsten LundHarald KEllen E. MartolPiippokattaReidun VærnesToveHanne Kvernmo RyeMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn SAndreas BokleserEivind  VaksvikMarenTonesen81BenedikteTove Obrestad WøienKristine LouiseAnne Berit GrønbechIngunnJRufsetufsaJarmo LarsenChristofer GabrielsenTrude JensenMonika SvarstadTurid KjendlieBjørg  FrøysaaTonjeJulie StensethOleMorten MüllerTanteMamieLilleviAvaTine SundalHilde Aa