Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Frå mars 1924 då han var 15 1/2 år til mai 1994 førte diktaren Olav H. Hauge dagbok. Denne boka inneheld eit utval tekster frå desse dagbøkene.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2011
Format Innbundet
ISBN13 9788252178692
EAN 9788252178692
Omtalt person Olav H. Hauge
Språk Nynorsk
Sider 315
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDen siste tidi hev eg kome meg storveges og kjenner meg no som vanleg. Alle desse dumme innbillingane hev kvorve, og eg er uppteken med eitkvart til ei kvar tid. Men eg lyt segja med Conrad, "that I do not like to work, I like better to roam about and think of the many fine things I might do" (The heart of darkness)
Sagt frå til fjernsynet at eg ikkje kan vera med på programmet til Børt-Erik Thoresen. Eg hadde lova det, men...kjende på meg at eg ikkje høvde i eit slikt program. Rådførde oss med Den kinesiske spådomsboki, og ho sa nei, som eg sjølv. Og saka var avgjord.
VERSEBYGNAD I Den gamle versebygnaden - tradisjonen - er som ein gamal ridderrustning. Han tyngjer og trykkjer - kanskje er han for trong med. Tanken fær ikkje rom å leda seg, ikkje pusta heller. - Kast den gamle rustningen, og stasklædi, som du hev arva eller stole, og lat tanken springa splitrande naken. Det likar han - nett som ungane.
VERSEBYGNAD II Å måta sine tankar og inntrykk inn i gjevne verseformer som til dømes i eit pentagram eller ein sonett er som um ein mann vil truga på seg eit par barnesko. Det vert um lag som dei gjorde i Kina fyrr i tidi: dei klemde og tvinga føtene på kvinnfolki for å få dei små.
Bodil reiste til Oslo i dag...eg lyt greida meg sjølv so lenge. Endå det er hardt nok å vera åleine. Eg som fyrr alltid var aleine! Det er ikkje det å vera aleine som gjer meg noko. Men me har grott så i hop på desse 5 åri, 5 og et halvt vert det, at me kan ikkje vera frå kvarandre.