Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 4 av 4 sitater

VERSEBYGNAD I Den gamle versebygnaden - tradisjonen - er som ein gamal ridderrustning. Han tyngjer og trykkjer - kanskje er han for trong med. Tanken fær ikkje rom å leda seg, ikkje pusta heller. - Kast den gamle rustningen, og stasklædi, som du hev arva eller stole, og lat tanken springa splitrande naken. Det likar han - nett som ungane.

VERSEBYGNAD II Å måta sine tankar og inntrykk inn i gjevne verseformer som til dømes i eit pentagram eller ein sonett er som um ein mann vil truga på seg eit par barnesko. Det vert um lag som dei gjorde i Kina fyrr i tidi: dei klemde og tvinga føtene på kvinnfolki for å få dei små.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sagt frå til fjernsynet at eg ikkje kan vera med på programmet til Børt-Erik Thoresen. Eg hadde lova det, men...kjende på meg at eg ikkje høvde i eit slikt program. Rådførde oss med Den kinesiske spådomsboki, og ho sa nei, som eg sjølv. Og saka var avgjord.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Bodil reiste til Oslo i dag...eg lyt greida meg sjølv so lenge. Endå det er hardt nok å vera åleine. Eg som fyrr alltid var aleine! Det er ikkje det å vera aleine som gjer meg noko. Men me har grott så i hop på desse 5 åri, 5 og et halvt vert det, at me kan ikkje vera frå kvarandre.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Den siste tidi hev eg kome meg storveges og kjenner meg no som vanleg. Alle desse dumme innbillingane hev kvorve, og eg er uppteken med eitkvart til ei kvar tid. Men eg lyt segja med Conrad, "that I do not like to work, I like better to roam about and think of the many fine things I might do" (The heart of darkness)

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Karin BergDemeterTine SundalSigrid Blytt TøsdalJohn LarsenTor Arne DahlRune U. FurbergAlice NordliAnn ChristinLeseberta_23BertysiljehusmorStig TBjørn SturødMonica CarlsenInger-LiseGrete AmundsenKjell F TislevollTorill RevheimLisbeth Marie UvaagMarianne MHilde VrangsagenWilliam BillisonSraDevoralibrosBeathe ArnesenReidun SvensliMarit AamdalTor-Arne JensenNora FjelliBjørg RistvedtSolBookiacVibekeSigrid NygaardTone Maria JonassenLailamgeDolly DuckKetilEva