2018
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Ein klok og humoristisk introduksjon til vaksenlivet!
«Eg har søkt på så mykje på nettet i mitt liv, barnefødslar, føflekker, tannutvikling hjå spedbarn. Før eg gjekk ut med søppelet, var eg langt nede i det djupe nettet for å finne ut korleis Leah Isadora Behn såg ut akkurat no. Likevel har eg aldri søkt på dette, korleis leve livet. Eg har berre gjort det som verkar rett, det alle andre gjer. Det er dristig, tenkjer eg og stirer på det vesle rekkjehuset vårt. Dei som søv i andre etasje, er mine menneske. Så dristig, nesten sjukt å investere så mykje pengar, så mykje tid, så mykje krefter utan å undersøke ordentleg.»
På kort tid har Anne Gunn Halvorsen (32) fått to barn, mann og rekkjehus. Ho har pådrege seg gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Ein kveld ho surfar på nettet, går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og trenings-tights enn sjølve livet. For korleis skal ein som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend og gjeldsslave? Kva bør du ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å unngå å døy?
I eitt år set Halvorsen alt anna på vent for å finne svar på dei store spørsmåla. Ho dreg med lesaren på finanskonferanse og samlivskurs, inn i forskingsrapportar, oljesmell og politisk historie. Ho reiser frå Gjøvik til Høvik, til Stavanger, Sandnes, Sandeid, Etne og Keyserløkka. Alt for å skrive ei bok som kan gjere deg klokare - og få deg til å senke skuldrene, litt.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2017
Format Innbundet
ISBN13 9788252192896
EAN 9788252192896
Språk Nynorsk
Sider 239
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDu må sjekke om dei pustar så lenge dei bur heime.
Livsens mirakel skubba ikkje døden vekk. Det var som om han kraup nærare. Trappene eg gjekk i, bilen som rygga, to centimeter vatn i badekar, og bokhylla som framleis ikkje var bolta fast i veggen. Døden lurte overalt.