Endeleg fri frå skulepensum og tid til skjønnlitteratur igjen. Dette er bøkene eg håper på å få lese i sommar.
LESE
Forstyrrande bok. Atwood skildrar godt det totalitære og patrialske samfunnet Gilead, og det er forstyrrande lesing korleis styresmaktene klarte å komme til makta og korleis dei rettferdiggjer dei nye lovane og normane i samfunnet. Likevel så syns eg slutten ikkje var tilfredstillande, eg satt igjen med for mange spørsmål. Skjønt, det var kanskje meininga med boka og - å provosere og å få oss til å undre.