Bøker som på ein eller annan måte handlar om å reise.
Lenge sidan eg har lest denne boka, men det eg hugsar er at eg fekk lyst til å kjøpe meg motorsykkel og vedlikeholde den sjølv. Og bli buddhist. Det er ei forteljing om ein far og hans elleve år gamle sønn som reiser rundt på motorsykkel. Det er ei reise på fleire plan: i fortida, innover i seg sjølv og geografisk på tvers av det amerikanske kontinentet. Om østleg og vestleg filosofi, virkelighetsforståelse, og forholdet mellom intellekt og følelser.
Om generasjonen som ikkje har bygd Norge. Sju unge menn reiser til ei stillehavsøy på ein meir eller mindre vitenskaplig ekspedisjon. Las denne boka som backpacker i Asia, og får fremdelse følelsen av sand mellom tærne når eg ser omslaget.
Den ultimate amerikanske roadtrip-boka frå beatforfatteren Jack Kerouac. Sal og Dean krysser det amerikanske kontinentet, og On the Road skildrar ei reise i det ytre og det indre.
Ei kort og vakker roadtrip-bok gjennom franske landskap. Om familie, søsken og det å bli vaksen.
"Denne romanen handler om å gå - å gå om igjen gater fra barndommen, å gå i fremmede land, men også å gå fra noen, å gå til grunne, å gå seg vill. Eller om gleden ved å gå for å gå. Vandringen foregår i Bergen, Hellas, Tyrkia og Paris".
Ein av mine yndlingsforfattere, Vikram Seth, skriv om ei reise frå Kina til heimbyen New Dehli. For å spare penger haiker han heim til India via Tibet, noko som fører til ei strabasiøs og opplevelsesrik reise.
Høgtlesing av Veien til Agra gjorde usletteleg inntrykk på meg som barn. Har aldri turt å lese den om igjen, men når eg som 25-åring besøkte Agra så hadde eg denne forteljinga med i bevisstheten.
Butleren Stevens får for første gang nokre dagars ferie, og legg ut på ein kjøretur gjennom sørvest-England for å besøke den gamle husholdersken som forlot godset 20 år tidlegare. Undervegs på kjøreturen reflekterer han over livet sitt som butler på lord Darlingtons gods i tida før og etter andre verdskrigen.
Hobbiten Frodo sin eventyrlege reise gjennom Midgard.
Den unge medisinstudenten Ernesto og biokjemikeren Alberto reiser rundt i Søramerika på motorsykkel. Om korleis opplevingane deira undervegs pregar grunnlaget for deira revolusjonære idear.