Liste over bøker fra heile verda som eg aldri har klart å gløyme...
Latin Amerika på sitt aller ypperste. Ikkje så mykje meir å sei. Kjærlighet i koleraens tid er nesten like bra. Men berre nesten.
Muligens burde denne stå på førsteplass. Fekk den ein gang til jul, og var ikkje snakkande til meir før boka var ferdiglest. venn og fiende-problematikk her også - og Asia, China, gamle dagar, barndomens traumer og minneforskyving, kolonitid og heile pakka, eg seier ikkje meir...Ishiguro er ein stor forfattar.!
Dette var den første boka eg leste av Laurens van der Post, for mange, mange år sidan. Det er fortsatt ei av dei sterkaste skildringane av krig som har klistra seg fast hos meg. Boka vart ein gong filma med David Bowie i hovedrolla, og hette då Merry Christmas Mr. Lawrence. Boka er som vanleg mykje bedre. Har vore igjennom Laurens van der Post totale forfattarskap, politisk totalt ukorrekt i vår tid sjølvsagt, har han utruleg sterke og flotte bøker frå Afrika også - i si tid. Han levde eit utruleg liv - også heilt politisk ukorrekt. The Seed and the Sower har handlinga frå Burma under 2. verdenskrig, to britiske offiserar i Japansk krigsfangenskap.
Her er det mykje vanære på mange plan - og ei god Sør-Afrikabok. Anbefales på det sterkaste.
Klassikaren over alle fra min oppvåknande ungdom. Trur eg starta med Ditte Menneskebarn av Martin Andersen Nexo - veldig bra den og - men valgte meg Pelle Erobreren på lista.
Av alle gode bøker for å forstå litt av India, så er dette den som sit sterkast igjen hos meg.
Denne kjøpte eg i ein museumsbutikk i Shanghai, og leste den på flyet heim så tårene rant. Xinran leda i ein periode eit innringingsprogram i kinesisk radio, og har skrive ned nokre av kvinneskjebnene ho vart kjent med. Denne boka er sterk kost, men skrive veldig godt, og med stor varme og respekt for Kinas gode kvinner. Ikkje mulig å gløyme.
Dette er ei bok som ingen andre følger ! Kjøpt i Singapore og lest på enda ein lang flytur heim. Tema er kolonialiseringa av Malaysia, med tre familiar i hovedrolla, engelsk kolonialist, kinesisk innflyttar og malayfamilie, alle ønsker seg eit stykke land til seg og sine. Forfattaran vant den første litteraturprisen som blei delt ut i Singapore, og boka er veldig god. Hvis noken skal til dei deler av verda, så gjer denne eit godt bilde av ein del av historia. Gjorde sterkt inntrykk.
Har valgt berre ei Kjartan Fløgstadbok, og det blei denne. Kunne kanskje ha vore Grand Manila. Kjartan Fløgstad er kongen av norsk litteratur for meg. Mesterskildring av andre verdenskrig, spesielt den første delen fra Munchen.
Eg har valgt berre ei Ian McEwan bok, og det vart Omforlatelse. Alle kjenner sikkert filmen - men boka er veldig god, den. kan også anbefale nesten alt anna av IanMcEwan.
Dei som syns filmen om Maggie Thatcher var grunn og ikkje spegla det britiske klassesamfunnet, kan prøve seg på denne boka. Maggie spelar også ein rolle her.
Veldig god bok om ein ung gut si reise frå Colombo på Sri lanka - då Ceylon - til England på eit stort passasjerskip. Masse handling både på det personlege og ytre plan.
Dette er jo ein klassikar - og lignar ikkje på noen anna bok. Det er fryd og glede å lese ei bok som er heilt annarleis....