2017
Omtale fra forlaget
Ein skokk notabilitetar ved opninga av eit nytt forretningssenter i Oslo. Usynleg, men prangande finans. Tankfart og narkotikatrafikk. Med det internasjonale finans- og mediesamfunnet som bakteppe.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 1991
Format Innbundet
ISBN13 9788205202665
EAN 9788205202665
Genre Spenning
Språk Bokmål
Sider 279
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Denne boka er noko nær innpå ein kriminalroman. Men ikkje heilt. Mest av alt er det Fløgstad, med underfundigheiter, skråblikk på eit og hint, spark til høgre og den vante dosa med blødmer. Og for den som liker Fløgstad er dette midt i blinken.
Då boka kom ut var eg student ved ein utdanningsinstitusjon som blir gjort aldri så lite narr av av Fløgstad. Det blei, om ikkje rabalder, så i allefall merkbar indigjasjon i miljøet. Når eg les den aktuelle passasjen no så må eg seie at det kan framstå som noko hårsårt å reagere på dette. For min eigen del blei det i alle fall rikeleg med øl og hornmusikk i løpet av studietida. To av tre er ikkje så verst. Ja ja, nok om det.
Krimroman-aspektet er alt nemnt. Her er drap og andre lovbrot, det manglar ikkje på det. Likevel så er ikkje dette det sentrale ved forteljinga. Det er heller slik at forteljinga tener som eit bereverk for ei satirisk framstilling av samfunnet, og med fokus på fråveret av moral i dei høgare sjikta, og gjerne dei i dei austlege stroka av landet. Ein artig detalj er at Fløgstad let eit knippe av romanpersonane gjere om lag same fjellvandringa som Hertingen i si tid gjorde i Fyr og flamme, men motsett veg. Eg har spekulert litt på om det ligg ei eiga meining i dette, men som med mykje av det andre Fløgstad skriv så er det ikkje alltid så lett å bli klok på. Men klok eller ikkje, eg kosa meg storleg med boka.
gjord gjerning er vond å venda.
det finst to typar menneske. Dei som fortel vitsar, og dei som har humor.
Kapitalismen er urettferdig, sa han. Men den virkar. Sosialismen er rettferdig. Men den virkar ikkje.
"Har du tenkt på, sa ho. Kvifor det heiter å høyra til, å høyra heime? Er det det at du høyrer kor du høyrer til? Med øyrene? Slik at for å vite kor du høyrde heime, må du gå etter lyden?"
"Eg er jomfru, sa Bjørn Blakke. Heilt fram til frukost. Fråhaldsmann og ateist til lunsj. Og religiøs som faen i bakrus. Sosialdemokrat når eg kviler middag. Og kommunist når det kjem til lønningsposen. Kan ikkje vera adventist på alle livets område heller."
Språket er ei slakk line der ein balanserer utan sikkerhetsnett.
"Den som kyssar makta i ræva, sa Stegg Nerud, får munnen full av dritt."
Stakk innom Fretex på Bryne. Kom ut med ein pose bøker til samla pris kr. 150,- Her er titlane eg kjøpte. Nokre av dei har eg frå før. Fint å gi som gåver.
Bøker av den nålevande norske forfattaren som eg liker best: Kjartan Fløgstad.