2015
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Handlinga er lagt til ei uspesifisert framtid, scenariet har preg av post-akopalypse, og ein er i eit samfunn som kanskje kan skildrast som ein ekstrem og undertrykkande sosialisme. Det øverste rådet har all makt, ikkje berre over samfunnsfunksjonar, men over alle aspekt av folk sine liv og over kva som er sanning og løgn. Kort sagt er definisjonen på sanning «det som alle er samde om», og når det er ulovleg å vere usamd så er saka grei.
Det kollektive er så sterkt pålagt dette samfunnet at sjølve begrepet «eg» er viska ut. Ingen får ha sin eigen identitet, alle er underkasta felleskapet. Lesaren blir kjend med Equality 7-2521, ein ung mann som har rømt frå felleskapet. Han har nemleg tenkt sjølv, og funne ut av løyndomar som ikkje er foreinelege med den kollektive sanninga.
Eg har ikkje lest noko av Rand før, men har forstått det slik at ho forfekta egoisme som eit ideal, og tok avstand frå alt som smakar av offentleg regulering. Slik sett kan ein kanskje lese Anthem som eit manifest for dei politiske og/eller filosofiske meiningane hennar. Men etter mitt syn er det først og fremst ein ålreit dystopi. Eg likte den godt.
Eg høyrde denne som lydbok frå loyalbooks, og opplesaren gjorde ein god jobb.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketWe think that there are mysteries in the sky and under the water and in
the plants which grow. But the Council of Scholars has said that there
are no mysteries, and the Council of Scholars knows all things.
(Chapter one)
Collective 0-0009 looked upon us, and they smiled.
"So you think you have found a new power," said Collective 0-0009. "Do you think all your brothers think that?"
"No," we answered.
"What is not thought by all men cannot be true," said Collective 0-0009.
"You have worked on this alone?" asked International 1-5537.
"Yes," we answered.
"What is not done collectively cannot be good," said International 1-5537.
(Chapter seven)