2015
Forlag Objetiva
Utgivelsesår 2012
Format Paperback
ISBN13 9788539004133
Språk Portuguese
Sider 176
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
«Diálogos Impossíveis» tyder «umoglege samtalar» på norsk, og mange av stykka i denne boka inneheld samtalar som på ein eller annan måte er umoglege. Veríssimo har ein livleg fantasi og god humoristisk sans, og stiller opp «tablå» der han tenker seg så vel historiske personar som oppdikta figurar som har underfundige ordvekslingar. Boka åpnar med ein samtale på gamleheimen mellom Batman og Dracula, der Dracula peiker på at dei trass alt er ganske like sidan dei begge er menneske-flaggermus, og rundast av med ein telefonsamtale mellom Einstein og den første kona hans, fysikaren Mileva Marić, der det kjem fram at Mileva var den eigentlege forfattaren av dei mest kjende publikasjonane hans.
Ikkje alle stykka er ordvekslingar. Enkelte har meir form av kronikkar, der forfattaren reflekterer over personlegheiter eller hendingar innan kunst, litteratur og musikk. Andre igjen har meir form av noveller. I alt er der 45 små stykker i denne boka, med eit vidt spenn i persongalleri og tema. Men felles for dei alle er ein humoristisk snert, og eit visst alvor bakom. Underhaldande og grei lesnad.
Forfattaren Luis Fernando Verissimo har hatt ei omfangsrik karriere som spaltist, forfattar, oversetjar, teikneserieskapar og musikar. Han er mellom dei mest leste av samtida sine forfattarar i Brasil. Stykka i denne boka, som kom i 2012, har vært publisert enkeltvis i avisene Zero Hora og Estado de São Paulo i åra 2009 - 2011. Boka gav meirsmak, eg kjem nok til å plukke opp fleire av bøkene hans i framtida.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket-- Eg meiner eg dreg kjensel på deg
-- Kan det vere frå sjølvportretta mine?
-- Francisco Goya!
-- I eigen person. Eller restane av han. Og du er ...
-- Pablo Picasso
-- Eg tenkte meg nesten det. Men du er ikkje alltid så god å kjenne att frå sjølvportreta dine ...
Romualdo var tannlege og hadde, i motsetnad til han sjølv, eit visst intellektuelt preg. Han nytta skjerf om vinteren og om sumaren også. Røykte pipe.
Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.
Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.
Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).