Brotne band

roman

av (forfatter).

Blomsterhaug 2011 Innbundet

Gjennomsnittlig terningkast: 3.00 (1 terningkast.)

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Jostein Røysets eksemplar av Brotne band - roman

Lesetilstand

Har lest denne

Hylle

Eiga bok, lest 2015

Lesedato

2015

Favoritt

Ingen favoritt

Terningkast

Min omtale

Se min omtale

Omtale fra forlaget

Brotne band er Vårsøg-diktaren Hans Hyldbakks ukjente roman, fullført i 1928, utgitt 83 år etter.
Industrien kjem til ei landbruksbygd. Brytninga mellom gammal og ny tid blir ei indre brytning i husmannssonen Sverre
er han bonde eller arbeidar? Er det muleg å elske Valborg, som er av høgare stand? Tør han leva ut diktardraumen?
Romanen er både eit personleg drama og eit spennande samtidsbilde av ei uroleg tid i norsk historie, ei tid der mange band vart brotne. Samtidig utleverer forfattaren dei inste kjenslene sine til lesaren, kjensler han ikkje ville eller kunne ta opp på andre måtar.
"Eg har alltid trudd at Hans Hyldbakk aldri skreiv nokon roman. Så dukkar denne boka opp, og plutseleg veit vi meir om Kleivakongen. Han kunne ha blitt ein stor romanforfattar òg," skriv Henning Sommerro i forordet. Svein Sæter har skrive eit etterord om boka, forfattaren og diktardraumen.

Bokdetaljer

Forlag Blomsterhaug

Utgivelsesår 2011

Format Innbundet

ISBN13 9788299826013

EAN 9788299826013

Språk Nynorsk

Sider 159

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 0 1 0 0

Bokomtaler

Hans Hyldbakk var mest kjend som diktar, og eit av dei mest kjende dikta hans, Vårsøg, tonesett av Henning Sommerro, er allemannsseige. Sjølv såg han på bygdebøkene han skreiv som hovudverket sitt. Svein Sæter siterer Hyldbakk i etterordet til Brotne band: «… norsk åndsliv tapte ikkje noko på at eg slutta å skrive om oppdikta liv og heldt meg til det verkelege livet. Det eg fann i tingbøkene på Nordmøre var så fantastisk at like til Alexandre Dumas vart blodfattig.»

I sine unge år hadde han ambisjonar som romanforfattar. Etter å ha fått refusert eit manuskript frå Aschehoug i 1930 brende han opp både manuskriptet og romanforfattarambisjonane. Men ei anna forteljing, Brotne band , var alt publisert som avisføljetong i åra 1927-1928 og denne kom ut i bokform i 2011, ti år etter at Hyldbakk gjekk bort som 103-åring.

Brotne band handlar om husmannssonen og kunstnarsjela Sverre Vatneplassen. Storebroren Hans kjem attende frå hovudstaden som kommunist samstundes som ein svensk industrireisar set i gang eit sagbruk i bygda. Sverre får augene opp for det sosialistiske tankesettet, men han slitest likevel imellom dei tradisjonelle verdiane frå jordbrukssamfunnet og dei radikale meiningane til broren og partifellane hans.

Eg er usikker på om heimstaddikting er rett merkelapp på boka, men delar av den gav meg denne kjensla. Hyldbakk oppgir Ibsen, Bjørnson og Falkberget som litterære førebilete. Sjølv tenkte eg ein del på Olav Duun medan eg las, men i ein noko tamare og meir forutsigbar versjon. Det var noko uforløyst over boka, det vart mykje vakker natur og indre kvaler, men litt for lite av andre ting.

Det er vanskeleg å unngå å tenke på Sverre som Hyldbakk sjølv, og det er nok mange sjølvbiografiske element i forteljinga. Dette er kanskje det mest interessante med boka, å få eit gløtt inn i livet og kjenslene til Hyldbakk. Slik sett var det verdt tida å lese igjennom den. Men som roman når den ikkje same høgdene som dikta han skreiv.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Eg trur ikkje vi hadde jord og pengar om eg hadde tenkt berre på Vårherre heller. Ein lyt tenkje på jorda, skal det bli jord, og ein lyt tenkje på husa, skal det bli hus.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det ringde til likferd. Svarte troll og tussar tumla framom senga hans. Og denne likferda bar så mangt med seg til grava. Først og fremst var det diktardraumen. Han var det svarte småtroll som bar. Det var ei svartmåla kiste, og få kransar var det på den kista. Så kom sjølveigardraumen slingrande framom i grønmåla kiste. Det låg ein kopparslant på kistelokket, og einøygde tuftekallar slengde kista mellom seg og spottelo. Så kom eit stort, ljoshåra og sølvkjært troll vaggande med vennskapen. Kjærleiksdraumar og heimehygge følgde etter av seg sjølv, og sommaren stod kring vegkantane og kasta blomster på. Så følgde òg sommaren etter, og hausten stod atti vegen og flirde kaldt åt det heile.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket