Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Hans Hyldbakk var mest kjend som diktar, og eit av dei mest kjende dikta hans, Vårsøg, tonesett av Henning Sommerro, er allemannsseige. Sjølv såg han på bygdebøkene han skreiv som hovudverket sitt. Svein Sæter siterer Hyldbakk i etterordet til Brotne band: «… norsk åndsliv tapte ikkje noko på at eg slutta å skrive om oppdikta liv og heldt meg til det verkelege livet. Det eg fann i tingbøkene på Nordmøre var så fantastisk at like til Alexandre Dumas vart blodfattig.»

I sine unge år hadde han ambisjonar som romanforfattar. Etter å ha fått refusert eit manuskript frå Aschehoug i 1930 brende han opp både manuskriptet og romanforfattarambisjonane. Men ei anna forteljing, Brotne band , var alt publisert som avisføljetong i åra 1927-1928 og denne kom ut i bokform i 2011, ti år etter at Hyldbakk gjekk bort som 103-åring.

Brotne band handlar om husmannssonen og kunstnarsjela Sverre Vatneplassen. Storebroren Hans kjem attende frå hovudstaden som kommunist samstundes som ein svensk industrireisar set i gang eit sagbruk i bygda. Sverre får augene opp for det sosialistiske tankesettet, men han slitest likevel imellom dei tradisjonelle verdiane frå jordbrukssamfunnet og dei radikale meiningane til broren og partifellane hans.

Eg er usikker på om heimstaddikting er rett merkelapp på boka, men delar av den gav meg denne kjensla. Hyldbakk oppgir Ibsen, Bjørnson og Falkberget som litterære førebilete. Sjølv tenkte eg ein del på Olav Duun medan eg las, men i ein noko tamare og meir forutsigbar versjon. Det var noko uforløyst over boka, det vart mykje vakker natur og indre kvaler, men litt for lite av andre ting.

Det er vanskeleg å unngå å tenke på Sverre som Hyldbakk sjølv, og det er nok mange sjølvbiografiske element i forteljinga. Dette er kanskje det mest interessante med boka, å få eit gløtt inn i livet og kjenslene til Hyldbakk. Slik sett var det verdt tida å lese igjennom den. Men som roman når den ikkje same høgdene som dikta han skreiv.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

AvaLesevimsaGunn Kari  PlathePiippokattaDaffy EnglundReidun SvensliLene AndresenGrete AastorpAnne Berit GrønbechStåle LiåsenIngvild SHilde H HelsethlittymseBrit HonningsvågNorahAnniken RøilKirsten LundLailaLeseberta_23Anniken BjørnesTheaNinaJulie StensethPer Åge SerigstadHelena EBenedikteEvaanniken sandvikHarald KKaramasov11KserinaAnitaFindusRufsetufsaKristine LouiseTor-Arne JensenReadninggirl30TanteMamieOlaugKaren Ramsvik