2015
Forlag Germape
Utgivelsesår 2005
Format Heftet
ISBN13 9788589155427
Språk Portugisisk
Sider 78
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Denne novellesamlinga er den tredje boka eg har lest av Machado de Assis, reikna som Brasil sin mest anerkjende forfattar gjennom tidene. Dei to førre var romanar, men eg må seie eg likar Assis betre som novellist enn som romanforfattar. For dette er etter min forstand noveller av høg klasse.
Totalt er det 16 historier som har fått plass i denne samlinga. Nær alle åpnar in medias res, persongalleriet i kvar historie er avgrensa til eit fåtal personar, handlinga er komprimert, og avslutningane er underfundige og tankevekkande. Eg er på ingen måte nokon kjennar av noveller, men slik eg oppfattar sjangeren så er min påstand at Assis meistrar den til fulle.
Dei fleste novellene handlar om kjærleik, eller heller om voner og vonbrot i kjærleiken. I over halvparten av dei er det eit trekantdrama av ein eller annan sort, noko som verkar å vere eit favorittema for Assis. Skal eg halde fram nokon av historiene eg likte ekstra godt er det kanskje den første og den siste. Den første, A cartomante (spådama), der ein elskar gjeng til ei spådame for å få råd og rådet ender i tragedie og lesaren blir sitjande å undre seg over om det var kalkulert frå spådama sin side, og den siste O Cônego ou Metafísica do Estilo (Kanniken eller stilen sin metafysikk) der forfattaren fabulerer over korleis språket formast i mennesket sin hjerne.
Eg har enno ei ulest bok av Assis i bokhylla, romanen Qincas Borbas. Skulle eg finne på å kjøpe fleire bøker av denne forfattaren blir det definitivt novellesamlinger, some det finnest 6 til av. Og så kortromanen O alienista, då.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketHøyr her, eg kunne ha lagt ut om heile livet mitt, det er mange andre interessante hendingar å fortelje om, men i såfall trengs det tid, vilje og papir. Eg har berre papir.
Jaudå, min herre, adjektiva fødest på ei side [av hjerna] og substantiva på den andre, og slik er alle typer ord separert etter kjønn.
- Kjønn?
Javisst, frue, kjønn. Orda har kjønn. Eg er snart ferdig med den store psyko-lekso-logiske avhandlinga mi der eg gjer greie for denne oppdaginga. Orda har kjønn.
- Men dersom det er slik, elskar dei einannan også?
Enkelte av dei elskar einannan. Og giftar seg. Giftemålet deira er det vi kallar stil.
Brasilianske bøker eg har lest på originalspråket. Eg har prøvd å rangere etter kor flittig eg måtte bruke ordliste under lesinga, eller kor enkelt/vanskeleg eg ellers synest språket i boka var. Lettaste bøker øverst, vanskelegast til slutt.
Tanken bak lista er, i tillegg til at det er ein referanse for min eigen del, at dersom nokon andre skulle få lyst til å lese nokon av desse bøkene så kan ein på førehand danne seg ein ide om kor krevjande eller lett det kan vere språkmessig.
Eg har lagt ut teningkast som kommentar til bøkene i lista. Ved å klikke på den enkelte boka finn ein også bokomtaler for dei fleste av dei (det gjeng fram av kommentarane i lista kva for bøker som ikkje har omtale).