2006
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Geir er ti år og bur på eit småbruk der dei driv med sau. Far til Geir blir sjuk, og frykta for sjukdommen og ønsket om å halde hjula i gang på garden, gjer at Geir føler eit stort ansvar for å hjelpe til med gardsdrifta. Det blir tungt for han den dagen dei bestemmer seg for å leggje ned bruket, og det trygge mønsteret blir brote. Men han og kameraten Finn gir ikkje opp. Gjennom mange livlege episodar får vi bli med inn i Geir si barnlege verd.
Omtale fra forlaget
Forlag Fono forl.
Utgivelsesår 2006
Format CD
ISBN13 9788278442777
EAN 9788278442777
Serie Geir
Språk Nynorsk
Utgave 1
Tildelt litteraturpris P2-lyttaranes romanpris 2003 Tarjei Vesaas' debutantpris 2003 Lytternes romanpris 2003
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Å lese Nyryddinga av Sigmund Løvåsen har gitt meg klump i halsen og fått meg til å le. Romanen ble utgitt i 2003. Forfatteren ble tildelt Tarjei Vesaas debutantpris og P2 lytternes romanpris. 180 sider.
Nyryddinga er en oppvekstskildring over en kort periode. Fortellerstemmen er Geir på elleve år. Han bor sammen med foreldrene og broren på en gård der de driver med sau. Geir ønsker å bli bonde og trives å være sammen med faren når han jobber på gården.
«Eg gledde meg til sommarferien. To lange månader som kom til å gå så altfor fort. Alt her heime, leik og bading og kanskje ein liten ferie om vi fekk tid.
- Vi får sjå på slåttveret, sa far.
Eg var van med å vera heime i lag med far og mor. Hadde aldri gått i barnehage. Den var nede i bygda. Bygderamp kalla ho bæssmor dei som hadde gått der. Hadde vore i bursdag til fleire av dei no etter at eg hadde begynt på skulen. Dei hadde krig med kaker og brus, og ein kasta øks etter bror sin. Ville ikkje bli slik. Ville heller vera med mor og far, eller bestekameraten min, Finn.
I dag skulle eg vera heime med far. Han jobba sjølv om han var heime, plukka stein, kjørde møkk, fóra og klypte sauene, sette opp hesjer og kjørde høy. Og mykje meir. Det var nok å vera med på, og han trong nokon til å hjelpe seg. Eg kunne det, alt det far gjorde. Sjølv om eg var for liten til å ta dei tyngste steinane, for liten til å klyppe sauene og for liten til å bera så mange hesjestaur som han, sa visste eg korleis ein skulle gjera det. Og om noko skulle skje med far, sa visste eg og kva eg skulle gjera. Viss han lag og pusta tungt og heldt seg på bringa. Ingen hadde sagt det, men eg visste det, hadde tenkt det ut sjølv. Eg visste eg kunne springe fort opp att frå jordet, og at eg kunne det korte telefonnummeret utanat. Og eg visste kva slags pedal eg skulle trykke ned, og kva slags spak eg skulle skyve på for å flytte traktoren, viss den tunge tilhengaren fylt med stein sto oppa bringa til far. Og eg visste at eg skulle legge genseren min under hovudet hans og seie det skal gå bra, og eg visste at eg kunne springe raskt opp att til huset, trena på det kvar gong vi hadde pause, og eg visste kva eg skulle seie i telefonen, kvar vi budde, og at dei måtte hjelpe far. Alt skulle gå bra. Hadde tenkt det ut sjølv. Og eg skulle trøyste mor, slik ho trøysta meg.»
Geir har gode relasjoner til foreldrene. Lillebroren er han tidvis flau over. Finn er kameraten som også kommer fra gård. De holder samme mot bygderampen. Finn er tøffere enn Geir og har sagt opp kontrakten med Gud, og bruker sterkere ord enn Geir. Begge skal bli bonde og skihopper. De er som gutter flest Usikkerheten for Geir er farens helse.
Nyryddinga var en god roman. Jeg startet å lese den rett etter at jeg hadde sett siste episode i NRK programmet Tid til å leve. Derfor var jeg nok i et spesielt modus til å ta til meg romanen til Sigmund Løvåsen. Dessuten har jeg vokst opp med sau; helt til faren min fikk hjerteproblemer. Også jeg hadde nok ønsker å kunne ha flere dyr enn en hund rundt meg. Derfor ble denne romanen litt min historie også.