Fullstendig slagside forfatter som prøver å gi et bilde av at Zelensky ikke er en helt. Søppelbok.
Veldig sterk og medrivande biografi frå avdøde russiske oposisjonspolitikar Alexej Navalnys hand. Han skriv enkelt og fascinerande om kompliserte forhold i Russland og går ikkje over hovudet på folk sjølv om han er høgt utdanna advokat. Merkar det er ein intelligent og oppegåande mann som har både humor og ironisk distanse til dei ikkje så positive sidene og forholda i Russland. Men mest av alt er eg imponert over hvilken spirit han framviser i sine prøvelsar. Om dette seier han mellom anna at han finn styrke og vegleiing i si kristne tru. Og for dei som meiner Navalny var ein høgreekstrem nasjonalist som støtta krigen mot Ukraina, kan du lesa at ingenting av dette stemmer. Mest av alt var han er reindyrka demokrat som måtte oppgi livet i kampen for eit betre og rettferdigare Russland. Må Navalny få mange etterfølgjarar inspirert av hans tru og kampvilje og mot.
Spennande og lettlest bok om Tysklands historie ført i pennen med entusiasme for landet av Erik Fosnes Hansen. Tungt stoff blir gjort lett og tilgjengeleg, med sideblikk på tyske fenomen og personlighetar. For å vera heilt ærleg tykker eg Fosnes Hansen farer litt med ein harelabb over skrekkregimet i Aust-Tyskland og fokuserer mest på dårlege bilar og den såkalla tryggleiken under DDR. Men alt i alt ei bok som er verd å lesa om det viktige landet sør for oss og ikkje langt vekke, men eit folk og ein kultur me gjerne ikkje har så klårt bilete av.
Endelig ferdig med denne boka som eg har brukt ca 2 mnd på ved å lesa på senga berre. Dette er ikkje ei bok det går an å lesa fort. Den er stappa med fakta og informasjon og eit rikhaldig noteapparat som kan lesast paralellt. Første delen handlar om boka si utvikling frå antikkens bokrullar til ombreiinga av Bibelen og kristen litteratur etter Gutenberg på 1400talet. Halldorf påviser at danning/skule/opplæring og moderne demokrati og politiske og folkelege rørsler har med lesinga av bøker å gjera. På slutten av boka viar han seg til den digitale lesinga som ofte er overflatisk, oppstykka og gjer at konsentrasjonsevna vår blir vesentleg svekka blant anna. Halldorfs ønskje er å framhalda boka og djuplesingas viktige rolle i vår tid også, der mange ikkje les bøker og gjerne skryt av dette.
Endeleg ferdig med denne omtykte boka som har vunne mykje virak og omtale i inn og utland. Massevis av omtalar på Goodreads av denne også. Det er ei spesiell historie som skildrast, noko som ikkje har vore skrive om så personleg og direkte i Noreg før, nemleg historia om to unge søstre som vervar seg til IS og prosessen rundt det. Det er ei spennande bok og informerande, lærte ein del om Syria, eit land eg må innrømma å kjenna lite til. Avslutninga kjem litt brått, ein får ikkje vita kva som hender vidare med Ayan og Leila. The book leaves much untold om historien vidare. Eg meiner og håpar Seierstad vil skriva ein oppfølgjar til boka, no som begge søstrene er tilbake i Noreg, og har fått sin dom. Boka kunne godt ha blitt korta ned, den er på rundt 500 sider. Alt i alt ei bok eg anbefalar folk å lesa, ein lærer mykje om ekstrem islam og ein kultur på sida av samfunnet i Noreg.
Nei, det er mykje oppskryting for å få solgt bøkene
Denne boka tok meg lengre tid enn eg hadde trudd å komma gjennom. Litt stor og tung bok å lesa på senga, men men. Boka handlar om over 200 artistar sitt forhold til kristen tru.
Boka er ordna i korte biografiar med mange bilder av platecover til artisten eller gruppa. Dessverre var storparten av desse ukjend for meg og syner at forfattaren er ein generasjon eldre enn meg (eg er fødd i 73). Så mange menn frå hippietida. Men også meir tidsaktuelle artistar som Justin Bieber og Taylor Swift er omtalte.
Nokre gonger føler eg at artistanes forbindelse med kristen tru er ganske tynn suppe, medan andres historie får fram tårene i augo når eit fortvila menneske blir bønnhøyrd av Gud og blir forvandla frå rus, depresjon og andre problem.
Det har vært ei interessant reise i mange artistars liv, storparten amerikanske.
Denne boka hadde eg gledd meg til å gå fatt på etter masse hype på bokgrupper på Facebook. Eg har tidlegare lest "Skogens usynlige stjerner" av same forfattar og elska den boka. Denne boka levde ikkje opp til forventingane, tykkjer eg. Bevares, det var ei fin bok på mange måtar og det drog seg til med spenning på slutten av boka. Men for lang innleing (250 sider) før alvoret slår inn i boka og me får følelsen av at det verkeleg står om liv og at det skjer under krigen. Men eg er glad for at eg har lest denne boka, trass at den ikkje var like bra som den første eg las av Harmel. Harmel fortel i etterordet kor mykje research og arbeid historien er basert på. Det fanns slike miljø i Frankrike under krigen der jødar og kristne samarbeida om å redda liv ved å gje mennesker nye identitetspapir og skyssa dei over til det frie Sveits. Ei lærerik bok, skriven på ein varm og medfølande måte av Kristin Harmel.
Langdryg bok å koma gjennom. Handla mest om teologi og mystikk, til tider ubegripeleg og diffust. Merkar at forfattarens ortodokse kristendomsssyn ligg langt i frå det luthersk evangeliske. Handla mest om teologi og mindre om kyrkjefedrane per se. Hadde vore ei interessantare bok om forfattaren ikkje var mest opptatt å fremja østleg ortodokse dogmer. Boka kunne gjerne kortas ned, sjølv om den var på rundt 300 sider.
Omfattande og detaljert skildring, i byrjinga i fugleperspektiv, over dei fæle Gulagleirane til Sovjet. Applebaum har gjort eit nitid og stort arbeid med denne dokumentarboka, fullt verdig Pullitzerprisen ho fekk for henne i 2004. På ingen måte er denne boka utdatert, desse leirane er mindre kjend mellom allmennheita enn Hitlers og fortener å løftas fram. Dessutan er fangeleiranes tid ikkje forbi, slike fins framleis i Nord korea og Kina.
Det er ikkje lysteleg lesning og må gjerne fordøyast i mindre bitar så det som forteljest synk inn. Ikkje ei bok ein les på 123 men ei viktig bok om eit underkommunisert emne. Når eg gjekk på ungdomsskulen på 80talet hørte me ingen ting om Sovjets Gulag leirar. Godt at me i dag har høve til å læra om og forstå meir av dette tragiske kapittelet i Russlands historie.
Omfattande og muligens langtekkeleg bok om Russland, historien og kulturen. Men dessverre i ei så lang bok blir det ein del digresjonar og gjentakingar. Beste delen er siste delen frå tøværstida på 80talet og fram til vår tid, det vil sei boka kom ut i 2012. Håpar eg har lært noko, som forfattaren sjølv seier; Russland er eit mysterium. Ikkje så lett å forstå, men interessant.
Har følelsen av at schizofreni er endå meir "tabulidelsen" i vårt samfunn. Der er det mykje uvitenhet ute og går blant menig mann.
Ei unik bok, som eg no har lest for andre gong. Gøy å bli kjent med det finske lynnet og kulturen, om enn satt litt på spissen. Skulle ikkje tru ei bok med eit slikt tema kunne bli feelgood! For det endar jo bra, trass alt. Hadde vært moro å sett denne som film ein gong.
Har denne boka, Tenzin Lakhpa "Farvel, Buddha "med meg som ferielektyre til Hellas og er snart utlest. Interessant og dramatisk livshistorie om ein tibetansk munk som søkte høgste opplysning og frelse hos Buddha og Dalai Lama, og fann trua på Jesus til slutt som gav meining og verdi for han som menneske og sjølve sanninga i den åndelege lengten.
Ikkje så mykje om Russland i seg sjølv, men meir om Johansens omgong med intelligensiaen og det kunstnarlege dissentermiljøet i Sovjet på 70talet. Men interessant nok for sæskild interesserte. Ein lærer litt om korleis regimet behandla dei som ikkje fulgte alle kommunistiske reglane, både skrivne og uskrivne. Samstundes får ein inntrykk av at Johansen som vestlig reporter levde i ei Moskva-boble avskåren frå vanlege russarar/sovjetbuare.
Det må finnast betre bøker om emnet. Ganske svulstig skrivestil med lange ledda setningar og litt traurig fokus gjorde boka langdryg å komma gjennom trass lovnaden om at den var kort. Går vidare på emnet Russland med nokre bøker av norske forfattarar. Stadig mykje å bli klok på om vår store nabo i aust. Kan dessverre ikkje anbefala denne boka som innføring i Russland som land og historie, les heller på Wikipedia eller Store Norske Leksikon.
Hegge er i boka ein dårleg pedagog men ein god pedant...Med det meiner eg at han av og til hoppar bukk over å gje utrrykk ein forklaring, berre kommenterer istaden og digresser. Kunne vore meir forklaring for våre nye landsmenn og unge
Godt at du seier ifrå
Eit must read, endå meir aktuell enn då den kom ut for snart 15 år sidan. Ali er ei bemerkelsesverdig kvinne, klok og erfaren og tilbyr konkrete grep ein kan gjera i eit samfunn for å motvirka agressiv islamistisk radikal påverkad. Ali erfarer også at radikal islam også har fått fotfeste i Amerika, der ho no bur grunna forfølgelse. Les og bli klok
Ei fyldig og god liste. Fleire eg kunne tenkt meg å sjå nærare på.