Hans Olav Lahlum held fram serien om etterforskar Kolbjørn Kristiansen (K2) og rådgjevar Patricia. Premissen er, som før: hovudforteljinga sett til åra rundt 1970, medan det «eigentlege» brotsverket ligg langt tilbake i tid. Denne gongen er han tilbake der serien starta, til krigsåra: Det eigentlege mysteriet er kven som stod bak eit drap i november 1943. Derimot er handlinga flytta frå Oslo til Bø i Telemark, ein av kommunane der NS stor svært sterkt.
Odelsgut, nazist og frontkjemparveteran Trond Langmark vart drepen heime på garden, nett den dagen ei tjukk tåke hadde lagt seg over bygda. Det vart aldri oppdaga kven som stod bak, sjølv om mistanken låg tungt på Heimefronten. No vil broren at K2 skal oppklara mordet, og det på kort tid.
Løysinga er ganske finurleg, om enn ikkje så veldig kompleks. Eg hadde ei sterk kjensle av kven som var drapsmannen tidleg (inspirert av bøkene Ulvefellen og Det ariske idol : forfatteren, eventyreren og nazisten Per Imerslund), men eg bomma på motivet. Der Lahlum tidlegare har bevegd seg mot meir psykologisk krim, er løysinga denne gongen temmeleg teknisk.
Likevel greier Lahlum å gje eit levande bilete av ein storbonde-nazist frå Telemark, og klasseskiljet på norske bygder, godt hjelpt av heile registeret med stereotypiar: familien Langmark vert skildra som nesten rivne ut av rekrutteringsplakatane for Germanske SS Norge.
Forma på boka heilt i tråd med tidlegare, men kanskje med færre eksperiment. K2 løyser mysteriet, hovudsakleg ved å reisa rundt og snakka med alle impliserte. Han legg så fram funna for Patricia, som dyttar han på rett spor. Her har eg forståing for at Cathrine Krøger i Dagbladet konkluderte med at «dette går ikke, Lahlum».
Språket er livlaust, noko ho også påpeika då ho melde Sporvekslingsmordet for åtte år sidan. Det er mykje dialog, og alle (med eitt unnatak påfallande lokalkoloritt) legg fram det dei har å seia i lange resonnement, på riksmål med umarkert stiltone. Det er rett og slett den minst naturlege dialogen eg har lese; og det har ingenting med riksmål å gjera (André Bjerke skreiv leittbeint og korthogd). Det same gjeld skildringane av mat og interiør (det er faktisk mange av dei), der K2s indre monolog rett og slett framstår besynderleg.
Eg set pris på Lahlums konstruerte kriminalhistorier; eg gjer verkeleg det. Han er også historikar, og navigerer glimrande i den dobbelthistoriske settinga han har plassert K2. Likevel: i dei siste bøkene har det verka som om 1970-talet kanskje er like mykje ein hemsko.
Med Sneen var ren lanserte Lahlum ein ny serie, med etterforskaren Engly Martinsen i krigsåra (og potensielt etterkrigsåra). Martinsen er ein vesentleg meir interessant karakter enn K2, og den direkte plasseringa under krigen gav rom for langt meir metta tidskoloritt (sjølv om eg trur eg tenkte at det var meir å gå på). For meg er det ei gåte at Lahlum ikkje gav mysteriet med Tåkemordet til han. Det ville kanskje korta ned boka med hundre sider, men det er ikkje sikkert det hadde skada, heller.