Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Ei enkel lita bok. Fleire av episodane er seinare brukt i Septologien. I denne boka bruker Fosse endå punktum, og eit lettare nynorsk.
Ei bok mange truleg kunne ha skrive dette.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nokre av tekstane er skrivne i første person, i andre handlar det om Asle. Fleire av desse korte tekstane kjem att i seinare verk, som til dømes i Septologien.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er eit knippe minne frå ei barndoms- og ungdomstid. Små forteljingar, eller rett og slett berre stemningsbilete. Det lengste stykket er på drygt 2 sider, det kortaste er på 2 linjer.

Oppveksten har vært i landlege omgjevnadar. Fosse er nokre år eldre enn eg sjølv er, men ikkje meir enn at eg kjenner meg godt att i skildringane. Eg-personen i boka fortel om hendingar saman med venar, familie, om å gå på dans, og om å flytte ut for å gå på skule. Stort sett heilt daglegdagse og udramatiske minne. Han fortel også om den litt skumle Asle, outsideren, langhåra, som spelar gitar og drikk seg umåteleg full. Det gjekk faktisk ei stund før eg forstod kven Asle er.

Kort og god bok. Nesten litt flyktig. Om lag som eit barndomsminne.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Fride LindsethTurid KjendlieAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenHarald KVibekeEster STore HalsaKirsten LundBjørn SturødCecilie69Per LundSverreTine SundalJane Foss HaugenRandiAMartesiljehusmorEli HagelundAlexandra Maria Gressum-KemppiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterTanteMamieStig TTone HAud Merete RambølSynnøve H HoelBenedikteIna Elisabeth Bøgh VigreBente NogvaGrete AastorpJulie StensethLene AndresenNinaEllen E. MartolElin SkjerengTatiana WesserlingKarin BergKari Fredriksen