Viser 11 til 14 av 14 omtaler

Nydelig bok om farmor og Sophia - sommerferier på øya. Den lille verdenen som i møte mellom disse to blir et stort univers. Hvert kapittel er som en lite novelle. Leste den på svensk og hørte stemmen til Tove Jansson i mitt hode, mens jeg mintes barndommens mummiserie på tv i svart/hvitt der hun på sitt finsk-svenske var fortellerstemmen.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Et år lå denne flotte boken ulest i bokhylla. Hyggelig at Bokklubben linket blogginnlegget jeg skrev etter å ha lest den til sin Facebook side. Les det her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sjarmerende bok som det er lett å like, med stemnings- og innsiktsfulle skildringar som eg mistenker kjem til å sitje lenge i minnet. Eg forstår godt dei som i tidlegare innlegg har forklart at dette er ei bok dei må lese kvar sommar. Eg kjem nok til å plukke den fram frå bokhylla jevnleg sjølv også.

Boka er eit knippe scener frå ei øy i den finske skjærgarden, ytterst i Finskebukta, der den vesle Sophia og farmora hennar har hovudrollene. Dei bor på denne øya saman med far til Sophia i sommarhalvåret. Kvart kapittel i boka er ei frittståande forteljing om ting som skjer på øya, om aktivitetar Sophia og farmora finn på, eller berre om samtaler mellom dei to. Farmora er gamal og dårleg til beins, men blir likevel med Sophia i leik og samtale på hennar premissar. Farmora er også passe rampete, og sjokkerer av og til Sophia (og begeistrer lesaren) med påfunna sine. Ein flott rollemodell.

Eg gjeng ut frå at boka opphaveleg er skrive på svensk, og oversetjinga er så langt eg kan forstå nær perfekt. Det er berre to ting eg stusser på. Det eine er begrepet brønnbåt, som er den typen robåt farmora og Sophia nyttar. Kva slags båt er dette? Kan det vere ein type pram? Brønnbåt på norsk er jo ein noko større båt for å frakte levande fisk i. Eg undrar meg også over kvifor dei heile tida skåter i brønnbåten, i staden for å ro.

Den andre tingen eg stussar på gjeld bruken av ordet «nes» i landskappsskildringar:
«Neset ut til odden var blitt totalt forandret av vinterstormene» (s. 30)
«Når man kommer nærmere, kan man se at steinryggene virkelig er glatte som seler, og at de har et langt, smalt nes av rullesten mellom seg.» (s.59)
Eg får ikkje dette til å henge heilt saman. Etter min forstand er eit nes og ein odde det same, og eit nes gjeng ikkje mellom to steinryggar. Er det nokon som har den svenskspråklege utgava, og som veit kva ord som er nytta der?

Sjølv om eg nyttar litt plass på å undre meg over desse tinga her i omtalen, så var dette på ingen måte noko eg hengde meg opp i under lesinga. Dette er ei bok for hygge og ettertanke, og som eg kjem til å glede meg over å bla i mange gangar i åra som kjem.

Godt sagt! (15) Varsle Svar

En bok om Lille My som gammel farmor? Nydelig.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sist sett

Hilde Merete GjessingRisRosOgKlagingCatrine Olsen ArnesenMads Leonard HolvikEivind  VaksvikTheaKirsten LundEvaLinda NyrudHarald KSverreOlemarithcDemeterLinningar hRufsetufsaDolly DuckFriskusenSolReadninggirl30Tine SundalHilde H HelsethJørgen NTom-Erik FallaKikkan HaugenAgathe MolvikRune U. FurbergPi_MesonIna Elisabeth Bøgh VigreJohn LarsenStig TMorten MüllerKaren RamsvikLailaTorill RevheimHeidi Nicoline ErtnæsRonnyBente NogvaBjørg L.