Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Kan ein kalle dette ei handlingsmetta bok utan handling? I alle fall inneheld den eit vell av historier, eller kanskje skisser til historier, lagt i munnen på ein namnlaus 475-åring som ser attende på utdrag av det lange livet sitt, og spesielt på tida rundt den danske borgarkrigen då han var ung på ordentleg. Monologen stykkast opp av ei rekke digresjonar, ofte frå eit allvitande 3.persons-perspektiv, digresjonar som i beste fall har perifer tilknytning til det hovudpersonen i boka fortel (Dette grepet minner meg på mange måtar om det Simon Stranger gjorde i Mnem). Men eg får altså ikkje grep om kva boka eigentleg handlar om. Jaudå, den skildrar føresetnadane for, og til en viss grad utviklinga av borgarkrigen, men utover det, liksom?

Hovudpersonen er av ei svært velståande familie. Dette gjer at han etter borgarkrigen får innpass i eit eksklusivt stamcelleprogram der livet kan forlengast nærmast til det uendelege. Ein del av forteljinga dvelar ved livsførselen til den priviligerte udødelege klassa, og det ser ut for at Nielsen forestiller seg at livet blir nærmast meiningslaust når ein slepp å uroe seg for å døy. I tillegg kan også enkelte dyr få tilsvarande stamcellebehanding, og når smarte dyr slik som border colliar får tid nok på seg så lærer dei altså å snakke.

Alt i alt er det eit tankevekkande knippe med forteljingar, ofte med element som er overdrive til det groteske. Passasjane eg likte best i boka er likevel kanskje dei av litt meir avmålt karakter, som der border collien Geoff skammar seg over å gjere hunde-ting, men han kan ikkje stå imot for det er trass alt hund han er. Men når boka er ferdiglest så kjennest det som at ein god del av forteljinga framleis manglar. Ein får til dømes ikkje vite ein døyt om den delen av befolkninga, fleirtalet må ein tru, som i forteljaren sin notid stend utanfor stamcelleprogrammet.

Vi hadde denne boka til felleslesing i den dystopiske lesesirkelen, diskusjonstråden er her. Det kom fram ein del interessante synspunkt undervegs.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Hilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H Helseth