Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Kortreist kokk
-men om maten var smaksrik, så var boka heller tynn...

Indiske Hassan Haji veks opp i Mumbai. Faren driv restaurant der, og dyktig er han. Mora døyr på tragisk vis, og løysinga for Papa og resten av familien er å forlate India for å begynne heilt på nytt.
Dei er innom fleire land, før dei tilslutt slår seg ned i den franske byen Lumiére.
Dei opnar sin indiske restaurant tvers over gata for ein svært så ekslusiv fransk restaurant; Le Saule Pleureur, driven av den sofistikerte, snobbete Madame Mallory.

Mallory er alt anna enn glad for å få konkurranse, så ho kjempar med alle midlar for å få Papa og restauranten bort. Ho oppdagar også til sin store skrekk at unge Hassan er eit naturtalent innan kokekunst, eit talent ho berre MÅ få til sin restaurant- koste kva det koste vil!

Første delen av boka opplevde eg som triveleg, lettlest og greit i ei travel førjulstid. Også Starten av deira opphald i Lumiére kosa eg meg med....Men, så vart det for monotont og gjentakande etter min smak. Dei siste 70-80 sidene vart delvis skumleste for at eg i det heile skulle fullføre. Derfor: Terningkast 3

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

TheaTorill RevheimEivind  VaksvikBjørg Marit TinholtLailaPiippokattaNina M. Haugan FinnsonLilleviStine SevilhaugAnniken RøilRoger MartinsenKirsten LundTine VictoriaAnn EkerhovdNinaRisRosOgKlagingNorahTove Obrestad Wøieningar hReadninggirl30Jørgen NBokToreTor-Arne JensenPirelliLise MuntheMarenLeseaaseRavnG LMarit HåverstadKjell F TislevollIngeborgMorten BolstadChristinaGrete AastorpThomas KihlmanAliceInsaneVibekemgeBerit R