Viser 11 til 12 av 12 omtaler

god krim! herlig spennende. Liker veldig godt "gammeldags krim"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er bok nummer tre i retrokrim-serien om etterforskar Kolbjørn Kristiansen - K2 - og den hemmelege assistenten hans, Patricia Louise I. E. Borchman. I dei to fyrste, Menneskefluene og Satelittmenneskene, handla det om "lukka rom". I Katalysator-mordet er me i eit meir "ope landskap". Boka er mørkare og har meir action enn dei føregåande. Handlinga går føre seg i Oslo og i Valdres i 1970. Her er eit visst historisk sus; både statsminister Per Borten, partiformann Trygve Bratteli og etterretningssjef Asbjørn Bryn dukkar opp som bipersonar, - lett namnekamuflerte, men gjenkjennelege.

Boka startar dramatisk med at K2 vert vitne til at ei ung kvinne desperat kjempar for å nå trikken. Neste dag blir ho funnen skoten og drepen, midt i trikkesporet. Det syner seg at denne hendinga heng saman med ei forsvinning i Valdres to år tidlegare. Etter kvart handlar det om både venstreradikale og nazistiske grupper, etterretnings-tenester og terrortruslar.

Hans Olav Lahlum har skapt sin eigen stil. For å understreka tida det handlar om, brukar han eit konservativt og stivt språk. Språket er snirklete og dialogane formelle, - det vert såleis unaturleg og lett komisk. Rett nok er det ei stund sidan 1970, men folk snakka då ikkje slik den gongen? Både K2 og Patricia er lite truverdige personar for meg, det same gjeld forholdet mellom dei.

Likevel - det er underhaldande og nyttig å lesa at politietterforsking før i tida skjedde utan hjelp av epost, mobiltelefonar og internett.
Terningkast 4.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Cathrine PedersenHarald KlillianerHeidiDagfinn JakobsenKirsten LundAnniken BjørnesTove Obrestad WøienDolly DuckAnn ChristinRufsetufsaGretheFIngeborgKristine LouiseGodemineAgnesTone SundlandVibekejunieBerit B LieAnne Berit GrønbechTor Arne Dahlingar hPiippokattaHilde Merete GjessingSolveigVanja SolemdalSynnøve H HoelStig TÅsmund ÅdnøyPär J ThorssonMorten JensenTore HalsaBenteJarmo LarsenFarfalleEli HagelundAndreaKaramasov11Harald Andersen