Viser 11 til 11 av 11 omtaler

”Skyggerom” er ei bra krimbok. Eg ser fram til fleire framtidige romanar med Anton Brekke i hovudrolla.

Jan-Erik Fjell vart tildelt Bokhandlerprisen for debutboka Tysteren som kom i 2010, – og no er oppfølgjaren her. Etter mitt syn er denne boka mykje betre enn debutboka. No kan Fjell nesten nemnast i same andedrag som Nesbø og Horst. Boka er spennande frå starten av, og dei 500 sidene går unna i ein fei. Du forstår frå starten av at noko ligg og ulmar. Noko mørkt, noko feil, - slik at du liksom må skunde deg å lese vidare.

I ”Skyggerom” vert kriminaletterforskar Anton Brekke dregen inn i ei sak der oppklaringa av eit drap i Østfold har samanheng med internasjonal kriminalitet. Det handlar om kynisk menneskesmugling, groteske overgrep og drap på uskuldige. Ein litauer skal levere ei last for den russiske mafiaen i Noreg, - og noko går gale. Ein lærar, som syner seg å vera kontaktmann for litaueren, vert brutalt drepen. Ein seksåring, autist og sjakkgeni, er eit viktig vitne. Ein narkoman millionær og ein geskjeftig psykolog vert etter kvart sett i søkelyset.

Anton Brekke frå Kripos vert sett på ei drapssak, saman med Magnus Torp, politistudenten han (og me) vart kjend med i ”Tysteren”, samt ein annan litt sliten politimann, Ole Kval. Dette vesle teamet skal så ta seg av saka som viser seg å ha fleire forgreiningar, m.a. til utlandet, der dei mektige og farlege bakmennene rår.

Eg tykte ikkje noko særleg om hovudpersonen Brekke i den fyrste boka, men i oppfølgjaren er han blitt meir ”levande”. Han vert framstilt som ein tørrvittig og halvgretten person, ikkje heilt ulik Jussi Adler-Olsen sin hovudperson Carl Mørck i bøkene om Avdeling Q. Brekke har sine eigne ”demonar”, pokerspeling og eks-kona sitt nye forhold med ein ny mann opptek han nesten like mykje som drapsetterforskinga. Fleire av bipersonane i boka vert litt "vage" og lite truverdige for meg, men forteljinga er likevel truverdig.

Boka byr på fleire parallelle historiar, slik som ein god krim skal. På ein litt innfløkt og overraskande måte vert trådane nøsta opp til slutt.

Konklusjon: Ein svak femmar på terningen. Fjell har stadig litt å gå på, men for all del; boka anbefalast.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

ritaolineKristina Jernstrøm LyseboKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineStig THilde Merete GjessingHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-LiseIreneleserG LIngunn STerje MathisenCarine OlsrødAneKorianderBjørg L.Julie StensethKarin BergPi_MesonJarmo LarsenTatiana WesserlingHarald KRuneFride LindsethVidar RingstrømPiippokattaCathrine PedersenBjørg Marit TinholtRisRosOgKlagingIngeborg GBerretMariaBookiacTanteMamie