Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Eg høyrer ganske lite på radio. Derfor har eg ikkje noko forhold til radioprogrammet «Misjonen» på P4, der innholdet i denne boka i følge omslaget er henta frå. Men eg veit jo at eg har sett både Atle Antonsen og Johan Golden på TV, og eg har til og med eit oppfatning om at dei har vært vittige. Derfor er det god grunn til å tru at det kan vere moro å bla igjennom denne boka med rundt 100 pussige avisutklipp, stort sett frå lokalaviser rundt omkring i landet, og innsendt til programredaksjonen av tipsarar rundt omkring.

Og jaudå, det er mange humoristiske poeng her. Antonsen og/eller Golden har forfatta ein liten kommentar til kvart av utklippa, og av og til treff dei ganske bra. I forordet hevdast det at samlinga eigentleg er ein hyllest til hardtarbeidande journalistar i lokalavisene rundt omkring. Men enkelte av kommentarane virkar meir som ei latterleggjering av nyheitsbiletet (eller mangel på nyheitsbilete) i distrikta. Då kan det vere greit å skule litt til hovudstadsavisene og kjendis-stoffet dei serverer lesarane sine. For å vere heilt ærleg tykkjer et at t.d. Laagendalsposten sitt oppslag «Gjørmegriseri på Fauleplass» (side 79) har langt meir nyheitsverdi enn VG sin melding om at Paradise-Iselin skal synge ein sang om kva julenissen gjer på om sommaren Men det er vel eit spørsmål om perspektiv.

Skal ein dømme etter den geografiske spreiinga av artiklane, så er nyhenda rarare i enkelte bygder/byar enn andre, der er eit knippe aviser som er solide gjengangarar. Men eg har ein mistanke om at saka heller er at enkelte bygder har ivrigare tipsarar enn andre. Og jaudå, boka var stort sett morosam den. Morosam nok til at eg også kjem til å skaffe meg oppfølgaren, Ny hylle på Prix.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Klarte endelig å bli ferdig med denne. Mulig dette funker på radio, men som bok var det treige greier syntes jeg. Noen av avisartiklene (om man kan kalle det det), var i for seg ganske artige, men kommentarene fra Antonsen og Golden var i mange tilfeller ganske tåpelige og ofte direkte umorsomme etter min mening.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo LarsenEllen E. MartolMonica CarlsenBjørg L.