Denne boken har egentlig det meste, men etter ca 200 sider er det andre bøker i hyllen som frister mer.
Fleire medlemmer av ein jungel-ekspedisjon i Bolivia blir angripne av flaggermus, blir sjuke, og døyr. Det viser seg at viruset dei blir smitta av under enkelte føresetnadar også kan forlenge livet, og det blir iverksatt eit militært forskningsprosjekt på viruset med dødsdømde straffangar som forsøkskaniner. Det må berre gå gale, forsøket kjem ut av kontroll, og det meste av befolkninga på jorda blir kjapt omgjorde til blodtørstige monster.
Det meste av boka handlar om ei gruppe menneske som bur i ein festningskoloni som held stand mot dei fryktinngytande skapningane. Ein får ei nokonlunde truverdig skildring av korleis eit slikt samfunn kunne fungere. Det einaste som skurrar litt er antalet innbyggarar i festninga, halde opp mot alle samfunnsfunksjonane som blir skildra. Eg får det ikkje til å gå opp. Etter kvart dukkar det opp ei mystisk jente, Amy, som har merkelege eigenskapar. Utan å røpe for mykje, kan ein vel seie at ho blir avgjerande for mykje av det som skjer seinare i boka.
På mange måtar likte eg boka veldig godt. Plottet var ganske bra, og tidvis var spenningsnivået høgt. Det er ein viss variasjon i forteljarteknikk og synsvinkel, og ein del av hendingane blir ikkje mata inn med teskei, lesaren lyt tenke litt sjølv. Men så var det resten, då. Enkelte delar av boka blei alt for langtekkelege etter min smak. Men der det svikta mest for min del, er når telepatiske eller andre parapsykologiske evner blir naudsynt for å få historia til å henge saman. Då melder eg meg ut. Så i sum landa eg på eit terningkast litt under middels.
Eg las denne samen med den dystopiske lesesirkelen, diskusjonstråden for boka er her. Det er alltid moro med litt diskusjon undervegs medan ein les.
Hvis man ser bort i fra misbruk av komma, setninger uten sammenheng, skrivefeil og dårlig oversettelse (i den Norske utgaven), så er dette en historie som kompenserer for alt dette. Boken er dessuten såpass lang at man blir vant med det underveis.
Måten historien er skrevet på og omfanget av historien, gjør dette til en unik bok utenom det vanlige som absolutt er verdt å få med seg.
Spennende leseropplevelse! Anbefales.
For en fantastisk spennende leseropplevelse! Denne kan absolutt måle seg med "den største", nemlig The Stand av Stephen King. Jeg er helfrelst Justin Cronin - fan fra og med nå. Kan nesten ikke vente med å fortsette på denne ulidelig skumle og velskrevne trilogien!
Oi! Dette var en overraskelse. God historie, bra språk og troverdig i forhold til overnaturlig-plottet.