Viser 11 til 13 av 13 omtaler

Min omtale av Gjenferd finner dere her: (ekstern lenke)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Greit krim-handverk av Nesbø. Stereotypen Harry Hole, som kanskje er blitt så populær nettop fordi han innfrir alle forventningar om korleis ein krimbok-helt skal vere, kjem til Oslo for å undersøke eit drap i narkotikamiljøet der Oleg, sonen til Harry sin eks-kjæraste, er peika ut som den skuldige.

Det er gjort fleire forteljarmessige grep som gjer boka interessant å lese. Hendingar blir skildra både frå Hole og frå fleire av dei andre karakterane i boka sin ståstad. Det døyande drapsofferet fortel også sin historie undervegs i boka. Desse einskilde historiene flettast godt sama til ei spanande forteljing.

Oppbygginga av historia var det som fungerte best i denne boka. Når handlinga etter kvart aksellererer, er det litt for mange ting som skurrer. Sjøv om der er fleire overraskande vendingar i plottet, og det er uvisst heilt til det siste kven som var mordaren i det opphavelege drapet, er der også litt for mange lettvinte løysingar. Den kanskje svakaste passasjen i boka kjem mot slutten, ein samtale på verandaen til den nye politisjefen i byen.

Alt i alt ei leseverdig bok. Det blir nok ikkje den siste Harry Hole-boka eg kjem til å lese, men har samstundes ikkje hastverk med å ta fatt på den neste.

Godt sagt! (4) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Heidi HoltanHelge-Mikal HartvedtBerit B LieEileen BørresenHanneHelena EDaffy EnglundLeseberta_23Elin Fjellheimingar hTove Obrestad WøienMarianneNLesevimsaJulie StensethBeathe SolbergTone Maria JonassenTone HHanne Kvernmo RyeLinda NyrudEvaBjørg  FrøysaaKirsten LundDemeterReidun Anette AugustinVibekeHarald KVannflaskeConnieStig TAmanda AChristin SillibakkenCecilieAgnete M. HafskjoldIngeborg GBenedikteAnniken RøilAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandLaila