Viser 1 til 4 av 4 omtaler

Utgangspunktet for historien, er fortellingen om brødrene Kain og Abel, der Kain dreper sin bror. Saramago har skrevet sin egen versjon av det som hendte, og det er nydelig og stor underholdning, som også får leseren til å tenke.

Fornøyelig og lettlest.

Leste den som en del av februarutfordringen til Elidas 1001-lesesirkel. Månedens utfordring var å lese en «ny» forfatter for leseren.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Saramago stokkar om på bibelhistoria, legg til element ifrå gamle legender og ein god porsjon frå sin eigen fantasi, og skaper såleis ein slags parodi på delar av det gamle testamentet. Eller parodi er kanskje ikkje det rette begrepet.

Det startar med Adam og Eva og syndefallet, sjølvsagt med ein eigen vri, men det er Kain som blir den berande figuren i forteljinga. Etter brodermordet og eit opphald i landet Nod får han tak i eit esel som på forunderleg vis tek han med til ulike gamaltestamentlege scener. Det heile kuliminerer med ei uvanleg syndig syndeflod.

Ein kan lese boka som ei lang anklage mot ein hard og nådelaus Gud. Mange av scenene som er henta frå det gamle testamentet er valt ut for å gi eksempel på grusome og urettvise straffedomar frå Herren. Kain er, med få unntak, ingen helt eller på annan måte noko moralsk førebilete, men han gjeng i rette med Gud og stiller spørsmål ved dømekrafta hans. Ein bommar vel ikkje så fælt om ein foreslår at Kain er forfattaren sitt talerør i denne boka?

Saramago virkar å ha sin eigen vri på det meste, også rettskrivingsreglar. Spesielt dette med komma, punktum og stor bokstav er noko annleis enn det ein er vant til, men det er system i galskapen og når ein først har vent seg til det så var det ikkje særleg forstyrrande for lesinga. Vi var fleire som las denne saman, som eit slags sommarinterludium med deltakarar frå Lesesirkelen av 2014. Det virka som om dei fleste, meg sjølv inkludert, tykte det var bryet verdt å lese igjennom boka og diskutere innhaldet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Morosam tankevekkjar

Kain var son av Adam og Eva. Han og broren vart fødde etter at foreldra vart jaga ut frå Eden etter syndefallet...ein eplebit som Adam nesten sette i halsen!
Herren var også sjokkert over at dei to ikkje hadde noko som dekte dei nakne kroppane. Utanfor Eden måtte dei greie seg som best dei kunne, noko dei også gjorde. Og dei vart ma foreldre til både Kain og Abel.

Vi som har lese Bibelsoga vår, veit at Kain vart brodermordar. Og som straff måtte han vandre kvilelaus rundt.
Kain fekk verkeleg oppleve mykje på si vandring, både Noas ark, Sodoma og Gomorra mm.
Og han undra seg meir enn ein gong over kvifor herren gjorde det han gjorde...

Romanen er både underhaldande og gir rom for undring og ettertanke. Eg måtte le høgt meir enn ein gong. Ein roman som for meg var ein morosam tankevekkjar!
Det var også ein fordel at vi las Bibelsoga fleire gonger i barndommen.

Takk til Lillevi og dei andre som var med på denne felleslesinga i juli 2017.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Anbefales på det varmeste i en forrykende anmeldelse her:

https://linesbibliotek.wordpress.com/category/jose-saramago-kain/

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Grete AastorpAnne-Stine Ruud HusevågKristine LouiseBerit B LieOlemgePiippokattaWencheDressmyshelfEllen E. MartolRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigTove Obrestad WøienAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiIngeborg GLeseaaseTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundStig T