Boka er forfattaren si forteljing om sin eigen mildt sagt kaotiske oppvekst, i ein ungeflokk på 4 med ein alkoholisert far og ei halvgal mor med kunstnarambisjonar. Familien flakkar omkring i små ørkenbyar på vestsida av USA før dei etter kvart slår seg ned i ei rønne i tjukkaste hillbilly-land i West Virgina. Heile tida i djup fattigdom og med ein far som mellom fyllekulene fantaserer om fantastiske oppfinningar han skal gjere og ei mor som er opptatt av å ofre seg for kunsten heller enn å skaffe mat til familien. Dette er ei historie som lett kunne vært fortalt med bitterheit og sjølvmedynk. Men Walls skildrar sjølv dei mest horrible hendingane med nøkterne ordelag, tildels også med ein viss humor, og i omtalen av foreldra skin også kjærleiken hennar til dei igjennom.
Trass fattigdomen og omsorgssvikten så var foreldra opptatt av verdien av kunnskap og kultur, og på ulike måtar så stimulerte dei barna til å bli skuleflinke. Det var ikkje fritt for at eg under lesinga av boka måtte reflektere ein del over kva som er den viktigaste ballasten ein som forelder gir ungane sine. Sjølv om Walls-ungane mangla det meste av materielle goder og tryggleik under oppveksten så gjekk det godt med dei. Dette er neppe fasiten for fleirtalet av dei som lever i fattigdom, anten det er i USA eller andre stadar. Men historia i denne boka har styrka trua mi på at skulegang er den beste måten å få folk ut av fattigdom på.
Dystert men virkelighetsnært. Hjerteskjærende.