Omtale fra forlaget
Romanen er først og fremst en barndomsskildring, bygd på forfatterens egne inntrykk og opplevelser fra barneårene. Men ved siden av disse erindringer fra guttens tredje til hans femtende år inneholder den skildringer av bygda og bygdefolket.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 1999
Format Heftet
ISBN13 9788205257160
EAN 9788205257160
Språk Bokmål
Sider 233
Utgave 10
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Aahhh – oppvekstskildring! Ein favorittsjanger for denne lesaren. Ein fyl guten Anders frå han er nokre få år gamal, frå det første minnet han har frå livet sitt, og til forbi konfirmasjonsalderen. Oppveksten er på ein gard på Austlandet ein stad, far er ein agronom som kom til bygda og gifta seg med odelsdattera på garden Anders veks opp på. Utanom foreldra og søskenflokken bur der også nokre få tenestefolk på garden, og der kjem sesongarbeidarar når det er tid for det.
Skildringa skiftar karakter i takt med at Anders veks til. Frå barnlege og underfundige betraktningar i dei tidlege åra, over til dei vare og forvirrande kjenslene til ein gut i pubertetsåra. Ein blir kjend med ganske mange folk i bygda, på godt og på vondt. Spesielt inntrykk gjorde to av tenestefolka på garden, Embret og Gorine, som har vært til-og-frå-kjærestar i eit par mannsaldrar, men som ikkje kan få einannan fordi den eldgamle mora til Gorine er imot det. Ei anna scene som gjorde uutsletteleg inntrykk er korleis Anders og ein gjeng andre gutar lar ein rampestrek gå alt for langt, og tek livet av ein geitekilling.
Forteljinga er lagt fram i tredje person. Men det er vanskeleg å tenke seg anna enn at Sigurd Hoel har nytta mykje av sine eigne barndomsminne som inspirasjon for boka. Hoel vaks sjølv opp på gard, så det er lett å forestille seg forfattaren som Anders. Sjølv om Anders åpenbart er glad i garden, bolk 1 av boka ber forresten tittelen Edens have, så verkar det ikkje som om han ynskjer å bli jordbrukar. Men kva ynskje og draumar hovudpersonen har kjem i liten grad fram i boka, den handlar stort sett om kva ballast han får med seg frå oppveksten. Og det meste av den er av den gode sorten.
Digget at boka i begynnelsen inntar barnets sted, ved å se ting fra knehøyde, og gjennom korte og enkle setninger, og senere i boka løfter alt seg.
Midt i verden står Anders. Han står i midten av alt.
Rundt omkring ham står alt det andre. Mor og far, Gorine og Embret og Andrea, Tora og Kari og Åse og Ket, sengen, puten, teppet og potten, muren og ovnen og slagbordet og den store klokken som står ved veggen i kjøkkenet hele dagen og sier An-ders, An-ders!
Da han sto i døragløtten, sa a Berte - og det var første ordet som var kløvd dem imellom:
-- Hvor skal vi si den karen er ifra då - om det skulle komme noe på?
Da svarte han som i døragløtten sto:
I mørkre kom je, i mørkre gikk je,
Tjøstøl heter je, frå Møltemoen er je
-- Nei, slik en dumming!
Det var Grete som brøt av, hun slo hendene sammen, og ropte forbauset.
-- Nei å nei, slik en dumming!
Embret stanset og så på henne med smale øyne:
-- Last itte sauen for det han har ull, og mannfolk for det døm er dumme!
Alt dette hadde vært bestandig. Verden var ikke annet enn dette. Om igjen og om igjen, og litt søt svie hver gang. Inn på røde kjøttet for lenge siden... Og litt søt kvalme i maven, og noe som opp gjennom halsen, men som ble svelget og svelget ned igjen. Om igjen og om igjen... Tikka, tikka, kom nå.. Var det fjerde gangen? Var det femte gangen? Det hadde vart uendelig lenge, mange dager, mange år. Den kom ikke opp igjen. Den skulle vært der alt, den kom ikke.
257 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketDå mor mi skulle flytte over i eit mindre husvære, fekk ho brått ikkje plass til så mange av bøkene sine lenger. Snill som ho er så lot ho etterkomarane forsyne seg med det dei hadde lyst på. Sjølv om vi var fleire som ville ha så var det likevel eit rikhaldig skattkammer å plukke frå.
Dette er det eg sanka med meg.
Takk, kjære mor.