Omtale fra forlaget
Politikk - og personlig historie
Bård Vegar Solhjell ble voksen da Berlinmuren falt. Hans politiske liv ble påvirket av den optimismen som preget Europa i årene som fulgte. Nå føler han at utviklingen går motsatt vei, med arbeidsledighet, fremvekst av totalitære regimer og en flyktningsituasjon ingen har riktig kontroll på. Den tidligere statsråden, SV-nestlederen og stortingsrepresentanten føler en uro. Kanskje krever den nye tiden nye svar? I denne boka forsøker han å skissere disse svarene.
Samtidig søker han bakover i tid. For Norge og Europa har opplevd uro før. Han ser 80 år tilbake, mot bestefaren som satt i tysk fangenskap under krigen. Og han prøver å se 80 år fremover. Hvordan vil Norge og Europa fortone seg da?
«Bård Vegar Solhjell skriv klokt, klart, ryddig og ærleg. Han er eit søkjande intellekt av den typen det burde ha vore fleire av i politikken.» - Tom Hetland, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad.
Forlag Kagge
Utgivelsesår 2017
Format Innbundet
ISBN13 9788248919735
EAN 9788248919735
Genre Personlige beretninger
Omtalt tid 1945-1999 2000-tallet
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Sider 238
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketEg meiner at vi bør gjere tenking - det å sjølv sette seg inn i noko, forstå, utvikle det vidare og bruke det til å gjere seg opp ei meining - til en grunnleggjande dugleik i skulen. Det vil seie at det skal ligge som basis for alle fag, bli ein av reiskapane du tek med deg ut i samfunnet på lik linje med det å lese, skrive, uttrykke deg munnleg, rekne og bruke digitale reiskapar. Det er slik vi kan styrke kompetansen vår til å avsløre løgner og feil i media, eller avsløre dei regisserte bodskapene i sosiale media. Vi må lære å sjekke ein gong til det vi les på nettet, søke andre og betre løysingar i staden for å berre trekke på skuldrene av det vi ser på TV.
Eit større fellesskap som ein nasjon er berre mogeleg for autonome individ som kan skape rammene og reglane for fellesskapet sjølv, og gjere dei likeverdige for alle. Gruppetenkinga i kulturalismen er farleg og feil. I begge versjonar. Det første endar i kulturell nasjonalisme: ein bodskap om at vi er noko ekte, som andre ikkje er del av - ja, som andre til og med kan øydelegge. Dette synspunktet overser at verdiane våre alltid har vore i konstant endring. Det kan heller aldri fungere i ei tett integrert verd, det kan berre lukke oss inne.
Det andre endar i kulturell laissez-faire, ei tru på at alt kan gå. Men alt er ikkje likeverdig. Nokre kulturar, idear og verdiar er humane og rettvise og kan fungere universelt. Andre er det ikkje. Og alt på ein gong går ikkje. Vi kan ikkje basere lover, normer og demokrati på motstridande kulturar, vi må ha ein felleskultur. Dess meir mangfaldige vi blir, dess viktigare blir det å tåle meir av kvarandre. Vi kan leve side om side, med ulike idear og uttrykk. Men fundamentet må vi dele.
Verdiar er ikkje absolutte. Dei er ikkje sånn at du enten har dei, eller ikkje. Men vi er i ulik grad inkludert i, del av og samd med verdiane i eit samfunn. Verdiane i samfunnet kan heller aldri bli delt av alle, ja, det er faktisk viktig at dei ikkje er det. Det skaper endring og framsteg. Men eg er overtydd om at mange nok må dele ein verdi for at han skal bli halden ved lag.