Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Eg meiner at vi bør gjere tenking - det å sjølv sette seg inn i noko, forstå, utvikle det vidare og bruke det til å gjere seg opp ei meining - til en grunnleggjande dugleik i skulen. Det vil seie at det skal ligge som basis for alle fag, bli ein av reiskapane du tek med deg ut i samfunnet på lik linje med det å lese, skrive, uttrykke deg munnleg, rekne og bruke digitale reiskapar. Det er slik vi kan styrke kompetansen vår til å avsløre løgner og feil i media, eller avsløre dei regisserte bodskapene i sosiale media. Vi må lære å sjekke ein gong til det vi les på nettet, søke andre og betre løysingar i staden for å berre trekke på skuldrene av det vi ser på TV.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Verdiar er ikkje absolutte. Dei er ikkje sånn at du enten har dei, eller ikkje. Men vi er i ulik grad inkludert i, del av og samd med verdiane i eit samfunn. Verdiane i samfunnet kan heller aldri bli delt av alle, ja, det er faktisk viktig at dei ikkje er det. Det skaper endring og framsteg. Men eg er overtydd om at mange nok må dele ein verdi for at han skal bli halden ved lag.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eit større fellesskap som ein nasjon er berre mogeleg for autonome individ som kan skape rammene og reglane for fellesskapet sjølv, og gjere dei likeverdige for alle. Gruppetenkinga i kulturalismen er farleg og feil. I begge versjonar. Det første endar i kulturell nasjonalisme: ein bodskap om at vi er noko ekte, som andre ikkje er del av - ja, som andre til og med kan øydelegge. Dette synspunktet overser at verdiane våre alltid har vore i konstant endring. Det kan heller aldri fungere i ei tett integrert verd, det kan berre lukke oss inne.

Det andre endar i kulturell laissez-faire, ei tru på at alt kan gå. Men alt er ikkje likeverdig. Nokre kulturar, idear og verdiar er humane og rettvise og kan fungere universelt. Andre er det ikkje. Og alt på ein gong går ikkje. Vi kan ikkje basere lover, normer og demokrati på motstridande kulturar, vi må ha ein felleskultur. Dess meir mangfaldige vi blir, dess viktigare blir det å tåle meir av kvarandre. Vi kan leve side om side, med ulike idear og uttrykk. Men fundamentet må vi dele.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundHarald KRune U. FurbergLilleviIngunn SBjørn SturødCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleBeathe SolbergAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadAvamgeBertyKaramasov11Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAne