Forlag OUP Oxford
Utgivelsesår 2007
Format Paperback
ISBN13 9780199226115
Språk Engelsk
Sider 400
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Forfattaren som sjølv har mange års erfaring med utviklingshjelp frå Verdsbanken, er ganske kritisk til mykje av den U hjelp som den vestlege verda har gitt, spesielt til land i Afrika. Trass i overføring av enorme summar, er folk framleis fattige, framleis døyr born av sjukdomar som lett kunne vore hindra, mm. Han samanliknar store mottakarland med andre fattige land som har fått lite eller inga hjelp og som har utvikla seg like godt eller betre enn dei som har fått svært mykje u-hjelp. Han omtalar ekstrem fattigdom som "the first tragedy". Det at folk framleis lever under ekstrem fattigdom og barn framleis døyr av sjukdomar som lett kunne vore kurert i land som har motteke enorme summar i hjelp, kallar han "the second tragedy". Han kritiserer vestlege land for å vere mest opptekne av kor mykje vi brukar på u-hjelp og mindre opptekne av resultatet. Men så viser han også til døme på hjelpetiltak som faktisk har gitt positivt resultat og syner kva som kjenneteiknar slike. Særdeles interessant, ikkje minst sett i samband med TV serien "Den gode viljen" på Nrk 1.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket