Omtale fra forlaget
When Evelyn Morgan walks into Thorne and Son, a bookstore in the Cornish village of Clews, she doesn't know that she's going to meet the love of her life. When Brendan Thorne sells her a medieval poem called "The Book of the Green Knight", he doesn't know that it will shape his future. After that first meeting, they don't see one another for years - and yet they never stop thinking about one another. It's as if they're the haunted lovers in the old book itself...
Utgivelsesår 2012
Format Heftet
ISBN13 9781594745515
EAN 9781594745515
Språk Engelsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
“Then Gawan lopped off their heads. One is supposed to have landed in
Clews, right where the Giant’s Head stands today. There’s a rock in
the garden that Mrs. Davies claims is the giant’s head itself.”Theodora Goss, The Thorn and the Blossom. A Two-Sided Love Story
Evelyn, amerikansk utvekslingsstudent, og Brendan, innfødd og utflytt, møtest i ein bokhandel i Clews, Cornwall. Ho har ei siste veke i England, han er heima for sommaren. Dei finn saman gjennom fasscinasjonen for litteratur og historie, og veka verkar som å vera starten på ein klassisk kjærleikshistorie. Men Evelyn blir ikkje verande ut tidi, og det ser ut til at dette er enden på romansen. Heilt fram til dei treffest att ti år seinare, på eit universitet i Amerika der dei begge underviser i litteratur. Men mykje vatn har rent i havet sidan den veka i Cornwall.
Eg valte denne boki av tre grunnar: den er ein kjærleiksroman (-novelette?), den handlar om litteratur, og layouten er ny og ukjent. Boki er nemleg laga som eit trekkspel, altså utan rygg, og kan lesast frå begge sider. På den eine sida er Brendan si historie, på den andre Evelyn si. Eit spanande konsept – men for meg var diverre ikkje konseptet nok til å overskugga andre manglar.
Goss er novelist, og det synes eg kanskje boki ber preg av. Den er kort, berre på vel åtti sider (altså 40 sider per person), men prøver å dekka over eit langt tidsspenn og mange store hendingar i liva til hovudpersonane. Dette gjer at den får eit summarisk preg. I tillegg ligg det potensiale til so mykje meir her, uoppfylt potensiale. A Two-Sided Love Story, undertittelen, viser sjølvsagt til både layouten og til dei to hovudpersonane og det skiftande perspektivet. Men det viser og til parallellen mellom dei to moderne elskande som møter på hindringar og forbannelsen som ramma dronninga Elowan og riddaren Gawan i historia Brendan fortel den fyrste dagen. Denne parallellen kunne eg tenkt meg å sett meir til, for det verkar som det er i dette landskapet Goss er på tryggast grunn – men det er òg det ho berre sovidt rører i overflata på. I tillegg verkar kjærleikshistorien tannlaus – søt, men ikkje noko meir. Det kunne Goss gjort noko med, hadde ho teke seg tid. Då kunne det òg blitt meir interessant å gjera nett det layouten legg opp til – nemleg å lesa ei side av kjærleikshistoria fyrst, og so snu boki rundt.
Men boki, den er fin altså. Fin. Ikkje noko meir.
Theodora Goss er ungarsk-amerikanar, og underviser i litteratur ved Boston universitet. Ho har publisert fleire fantasy-noveller, men The Thorn and the Blossom (2011) er hennar fyrste lenger verk.
(fyrst publisert her)
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket