Omtale fra forlaget
Edith + Martha = sant
Dette er historia til Edith, som hatar alt og alle. Som gøymer seg i hettegenserar, blir kviskra om i klasserommet, og som mest av alt skulle ønske ho kunne forsvinne heilt og fullt. Men dette er òg historia til Martha, som elskar Beatles, saknar far sin og prøver å sjå det beste i alle, uansett kva.
Edith og Martha er ulike som natt og dag, men blir likevel dratt mot kvarandre når dei begynner i same klasse på vidaregåande. Eit uventa vennskap oppstår, og det viser seg at dei har mykje meir til felles enn ein gjerne skulle tru.
Svarttrasta syng om natta er ei historie om indre stormar og store sakn. Men det er òg ei kjærleikshistorie, ei historie om tillit og håp, og om å tore å vere seg sjølv, endå ein ikkje er som alle andre.
Tone E Solheim (f. 1989) kjem frå Jølster i Sunnfjord kommune. Svarttrasta syng om natta er den første romanen hennar.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format E-bok
ISBN13 9788234003905
EAN 9788234003905
Språk Nynorsk
Sider 261
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Nynorsk barnelitteraturpris 2021
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Meget velskrevet ungdomsbok som har alt! Fint å kunne lese om homofil ung kjærlighet uten at det er det som er et problem.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket24 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket