Omtale fra forlaget
Haugmann, som er forteljaren av denne soga, livnærer seg som epledyrkar i ei større bygd på Nordvestlandet. Han er diagnostisert som sinnsjuk, og blir handsama deretter.
Songbok for hesten handlar om sjukdom på sinnet. Samstundes er det ei bygdekrønike, frå sekstitalet og nokre tiår framover, som skildrar hovudpersonen sitt samvær med broren Karstein, hesten Lykke, naboen Rolf Røys og mange fleire.
Eitt spørsmål melder seg undervegs i teksten: Er det slike som Haugmann, eller er det dei såkalla normale, som er dei mest galne?
Forlag Bokvennen
Utgivelsesår 2017
Format Innbundet
ISBN13 9788274886629
EAN 9788274886629
Omtalt tid 1960-1969
Omtalt sted Vestlandet
Språk Nynorsk
Sider 227
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ja, ein får assosiasjonar til Mattis Tust, men Haugmann er ein ganske annan. Haugmann er profet for dei lågmælte og epletrea hans er terapeutar for ein superrik treklemmar. Han har nok å stri med, om han i tillegg til alt det andre skulle gå rundt med tungsinn som andre av dei innlagde. Så, håpløysa finn du ikkje i denne boka. Her er ikkje stereotypiske "gjøkeredet"-psykiatarar i frakk, men ein overlege som sjølv finn trøyst på skuldra til den utskrivne pasienten, og Poeten som gjev ut tustens songar i diktform.
Språket er vakkert. Ingenting å seie på det. Kan det bli for lyst? Kanskje? Men det hadde eg ikkje vondt av. Eg kjente lukta av sommaren ved ein trang vestlandsfjord. Og eg blei kjent med Haugmann med fjernøyret.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket