Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boken inneholder blant annet essay om dikteren, oversetteren og essayisten Henrik Rytters mest omfattende oversettelser, samt biografiske essay om Rytter, ti av diktene hans og valgmanifestet han skrev like etter annen verdenskrig.
Omtale fra forlaget
Dette er ei bok om diktaren, omsetjaren og essayisten Henrik Rytter (1877-1950). I si tid var han rekna som ein av dei største diktarane i Noreg, og mange meinte han var den største. Ifølgje Ragnvald Skrede var Rytter Arne Garborgs arvtakar - og slik sett målrørslas viktigaste litterat i 20-, 30- og 40-åra. I 1929 skreiv Olav H. Hauge: "[Rytter] er på mange måtar eit fenomen. For det fyrste hev han no skapt seg eit diktarspråk som vore Shakespeare eller Homer verdig." Boka inneheld essay om Rytters mest omfattande omsetjingar: Dantes Den guddomlege komedien, Boccaccios Decameronen, Beowulf , 23 av Shakespeares skodespel og nynorsk-omsetjinga av Henrik Ibsens Peer Gynt. I tillegg inneheld boka biografiske essay om målmannen og det politiske stridsmennesket Henrik Rytter. Her er òg Rytters ti beste dikt, attåt innleiinga han skreiv til Shakespeare-omsetjingane, ei novelle frå Decameronen, utdrag frå Peer Gynt og Den guddomlege komedien. Og som ein historisk og politisk kuriositet: valmanifestet Rytter like etter den andre verdskrigen skreiv for Noregs Kommunistiske Parti.
Forlag Vidarforlaget
Utgivelsesår 2011
Format Innbundet
ISBN13 9788279901013
EAN 9788279901013
Omtalt person Henrik Rytter
Språk Nynorsk
Sider 265
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketValet av Rytter til å setja um Peer Gynt var soleis alt anna enn tilfellelegt. Hans Jacob Nilsen sparer ikkje på krutet i umtalen av Rytter i fyredraget i Studentersamfundet: "På same tid som han er ein av våre fremste lyrikarar, er han eit språkgeni med ein kjennskap til norsk mål i alle nyansar som vel ingen annan i landet". At Det Norske Teatret vilde få Peer Gynt umsett til og uppført på nynorsk, vakte naturleg nok reaksjonar. Nilsen vart skulda for å driva "hærverk" og "vanhelligelse". Alt uppstyret i media gjekk hardt inn på Nilsen, som i tillegg til å vera teatersjef skulde ha regien på stykket og sjølv spela hovudrolla. Då prøvone skulde taka til, var han sjukmeld i tvo månader, og premieren måtte setjast ut like lenge. (Fra Klaus Johan Myrvolls essay: Å lyda etter Ibsens røyst. Soga um då Peer Gynt vart norsk.