Omtale fra forlaget
Livet blir sjeldan akkurat slik ein hadde tenkt seg. Dei fleste menneske opplever vonde hendingar som dei ikkje var førebudde på; dei kan oppleve at livet røyner på meir enn dei kan tåle. I denne boka skriv psykiateren Bjarte Stubhaug innsiktsfullt om kriser og vendepunkt som ein del av liva våre - om motgang og hjelpeløyse, om sjukdom og tap av menneske vi er glade i, om stress og korleis overyting og manglande meistring kan gje utmatting og sjukdom. Stubhaug viser at livskriser handlar meir om korleis ein kan møte og meistre dette enn om situasjonen i seg sjølv.
Denne boka er meint å vere ei kjelde til nye tankar og perspektiv på kriser i livet. Stundom blir ein fastlåst i anger og grubling, i tankar om korleis livet skulle eller burde ha vore. I boka blir det peika på korleis ein kan finne vegen ut av slike fastlåste tenkjemåtar og komme seg vidare i livet.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format E-bok
ISBN13 9788234007446
EAN 9788234007446
Språk Nynorsk
Sider 95
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket7 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket