Omtale fra forlaget
«Eg har googla så mykje i mitt liv, barnefødslar, føflekker, tannutvikling hjå spedbarn. Før eg gjekk ut med søppelet, var eg langt nede i det djupe nettet for å finne ut korleis Leah Isadora Behn såg ut akkurat no. Likevel har eg aldri søkt på dette, korleis leve livet.»
På kort tid har Anne Gunn Halvorsen pådrege seg to barn, gjeld, ansvar og eit heilt ordinært vaksenliv. Plutseleg går det opp for henne at ho har brukt meir tid på å søkje opp kjendisar og treningstights enn sjølve livet. Forfattaren har brukt eit år på å finne ut korleis andre har valt å leve liva sine. For korleis skal du som vaksen unngå å bli skild, sur, utbrend og gjeldsslave? Kva bør du ete, kvar bør du bu, og kva kan du gjere for å unngå å døy? Ho dreg med lesaren på finanskonferanse og samlivskurs, inn i forskingsrapportar, oljesmell og politisk historie.
Livet og korleis leve det er ei bok som kan gjere deg klokare - og få deg til å
senke skuldrene, litt.
Anne Gunn Halvorsen (født 1984) er journalist, kommentator og meldar. Ho er frilansar, og har tidlegare jobba i Dagbladet og Dagens Næringsliv.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2017
Format E-bok
ISBN13 9788252193886
EAN 9788252193886
Språk Nynorsk
Sider 239
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDu må sjekke om dei pustar så lenge dei bur heime.
Livsens mirakel skubba ikkje døden vekk. Det var som om han kraup nærare. Trappene eg gjekk i, bilen som rygga, to centimeter vatn i badekar, og bokhylla som framleis ikkje var bolta fast i veggen. Døden lurte overalt.
99 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket