Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Kommunestyret har bestemt at landskapet i ei lita vestlandsbygd skal ryddast for gran. Eg-forteljaren, Helge, og Pavel deltar i dette prosjektet, men så kjem det fram at kommunestyret eigentleg vil rydde plass til ein vindmøllepark. Da insisterer Pavel på at dei må gjere noko. Dette er forfattarens debut.
Omtale fra forlaget
Ragnhild, ordførar i ei vestlandsbygd, har funne ut at grantrea som veks på ei øy, skal bort -som juletre til Afrika. Den russiske verftsarbeidaren Pavel blir leiar for fellinga. Med seg får han innflyttaren Helge, forteljaren i romanen, ein engsteleg og inntrykksvar mann som slit med å meistre kvardagen. Men som kompanjongen til Pavel blir han del av eit komisk heltepar som dumpar bort i mangt og mykje av stort og smått. Når Helge finn ut at det var bestefar hans som eigde øya med grantrea, finn han og ut kva slag planar ordføraren har for hogstfeltet. "Juletre til Afrika" er ein underfundig og språkleg oppfinnsom forviklingsroman med mangfaldige allusjonar til film, musikk og litteratur.
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2011
Format Innbundet
ISBN13 9788203350368
EAN 9788203350368
Omtalt sted Vestlandet
Språk Nynorsk
Sider 230
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!