Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Einar Førde skreiv fast i Bergens Tidende i tre år under vignetten "Einar på onsdag". Boka er ei samling med artiklar, som han skreiv frå 2001 til 2004. Utgangspunkta vekslar frå flatlus og pinnekjøtt, bilgalskap og psykiatri, kommunistisk nostalgi og europeiske stammekrigar, til porno som daglegvare, kortskallane i Sogndalsfjøra, bifile parti og emosjonell inkontinens. Innimellom får han inn syrlege karakteristikkar av Hagen, Bush, Lenin, Bondevik og Erna Soberg. Men mest nådelaust utleverande skriv han om seg sjølv. Han fortel ope om sine eigne tankar og kjensler etter at han vart råka av kreft.
Omtale fra forlaget
Einar Førde (1943-2004) var ein av dei mest markante og fargerike politikarane i norsk etterkrigshistorie. Etter at han i 2001 gjekk av som kringkastingssjef, byrja han å skrive fast i Bergens Tidende. Der skreiv han skarpt, underhaldande infamt og med varm ironi om politisk brennbare emne, men også om tilsynelatande trivielle tema. Han kunne levere dei beiskaste karakteristikkar, men mest nådelaust utleverande skreiv han om seg sjølv, til dømes om å bli råka av kreft. I 2002 kom artikkelsamlinga Utsyn. Saman med Innsyn er då alle 125 artiklane frå 2001-2004 samla..
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2005
Format Innbundet
ISBN13 9788252166330
EAN 9788252166330
Genre Personlige beretninger
Språk Nynorsk
Sider 375
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket5 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket