Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 1974
Format Innbundet
ISBN13 9788203063206
EAN 9788203063206
Språk Nynorsk
Sider 146
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Melsomprisen 1975
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketElles fanst det nett no ei spesiell forklaring på at han var så produktiv: Fyllepennen hans var framifrå god å skrive med. Men så snart han let pennen stanse ein augneblink, vart det ein stygg blekkflekk på papiret. Altså gjaldt det å skrive i eitt strekk. Ikkje rart det vart mange bøker!
"Her," sa eg, "her set eg oppvaskbalja." - "Hm," sa Tore, "det kan vere bra å vite det, men det kjem ikkje til å få nokon praktisk betydning."
Alt i alt hadde eg hatt eit mangeårig intenst samliv med forfattaren av alle desse bøkene da vi møttest, hausten 1931. Da hadde han òg visst om meg ei stund. Han hadde sendt meg eit fint brev da han hadde lese den første diktsamlinga mi. "Eg vart heilt hugteken av dykkar unge sang," skreiv han. Tenk det, hugteken...
Nokre timar i lag den dagen og eit par til den neste - det greidde seg. Det var vår i Oslo om det aldri så mykje var først i november. Grøne plener og svarte våte tre i Slottsparken, og Olaf Bulls dikt som vi gjekk og sa fram i munnen på kvarandre:
Husker du forårets tid der -
Emerenze Christence, dit navn være lovet -
Dig vil jeg ømt i rytmer nagle fast!
Han skulle aldri gifte seg, nei visst. Så eg trudde i grunnen ikkje at det var nokon friar som kom. Men det var det.